Lokal | 15. okt. 2017

Tok 15 fartssyndarar i 50-sona

UP avslutta haustferien med å dela ut prikkar og forelegg.

Tok 15 fartssyndarar i 50-sona
UP sto med laseren her, ved Borgafjell Barnehage, og tok 15 syndarar i 50-sona. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. okt. 2017 19:47

Søndag ettermiddag hadde utrykningspolitiet trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen.

UP sto med laseren ved Borgafjell Barnehage og målte farten på bilistane som køyrde i 50-sona i retning Os.

Frå klokka 17.36 til 19.50 stoppa dei 15 fartssyndarar.

– Høgaste fart blei mål til 67 km/t, fortel UP til Midtsiden.

Med 16-20 km/t over fartsgrensa, når grensa er 60 km/t eller lågare, blir eit forelegg på 5.350 kroner å betala.

I tillegg fekk vedkomande tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.