Kultur | 25. apr. 2015

Tok 3. plass i debuten

Nore Neset skulekorps stilte opp i Hordablæsten for første gong. Overraskinga var stor og jubelen høg du resultata blei lest opp.

Tok 3. plass i debuten
Nore Neset skulekorps med pokalen frå Hordablæsten 2015. Dirigent Tonje Hernes nedst til venstre. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. apr. 2015 06:53

– Vi var garantert det korpset som jubla mest, stemninga gjekk heilt i taket då dei annonserte oss på 3. plass, fortel dirigent Tonje Hernes.

Dette var anten første gong eller første gong på lenge at 47 år gamle Nore Neset Skulekorps deltok i Hordablæsten.

– Eg kjenner ikkje til at korpset har deltatt i konkurransar før. Vi kom for å oppleva show, og kanskje skapa litt show,og møtte opp i noko vi heller kan kalla kostyme enn uniform.

– Vi hadde absolutt ikkje venta å hevda oss. Dette var utruleg kjekt, synest Hjertnes.

Mangla fire musikantar

Korpset frå Nore Neset har 6 aspirantar, men det var 12 musikantar frå juniorkorpset, frå 9 år til konfimasjonsalder, som deltok.

– Vi har ikkje nok musikarar til å få alle stemmene, derfor meldte vi oss på i generasjonskorps, så vi kunne ta med fire foreldre så korpset blei komplett.

Nore Neset tok 3. plass av 9 korps i klassen.

Lærar og komponiststudent

Dirigent Hernes jobbar som lærar på deltid. På fritida held ho på å fullføra musikkutdanning.

– Eg er på fjerde året på komposisjonslinja ved Griegakademiet. Det er veldig kjekt å få lov til å dirigera desse fine ungdomane ved sidan av skule og jobb, synest Tonje.

– Denne tredjeplassen var ekstra inspirasjon både for meg og musikarane, denne lever vi lenge på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.