Mannen kom frå Våge til Halhjem då han blei stoppa av politiet. (Foto: KVB)

Tok beslag i to førarkort

Brannvesenet rykte ut då ein fugl tok fyr - politiet stoppa ein som kom av Tysnesferja med promille.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag i 13-tida blei ein eldre bilførar stoppa på E39 ved Svegatjørn.

– Det kom melding om vinglete køyring i Fana retning Os. Vi har ikkje mistanke om at vedkomande hadde promille, men at han ikkje oppfyller alle krava om å ha førarkort, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor til Midtsiden.

Politiet tok midlertidig beslag av førarkortet og fekk køyrd bilen til adressa i Os der bilførar var på veg. Han må no via helsevesenet for eventuelt å få førarkortet tilbake.

Full bilførar på ferja

Laurdag morgon klokka 07.01 blei ein bilførar stoppa og kontrollert i det han køyrde av ferja på Halhjem.

– Promilletest på staden gav utslag og han blei tatt med for blodprøvetaking. Vi mistenker promillekøyring og har tatt beslag i førarkortet.

Førar er ein mann i 20-åra som ikkje er frå Os. Han kom med ferje frå Våge, der Tysnesfest pågår, då han blei stoppa.

Fugl tok fyr

Fredag kveld klokka 21.15 kom det melding om brann i ein trafokiosk i Drangsvegen.

Brannvesenet og BKK rykte ut.

Det viste seg at ein fugl som hadde prøvd å setja seg på eller ved trafokiosken hadde tatt fyr. Då denne hadde brent opp var det ikkje meir å sløkka.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.