Lokal | 16. jan. 2017

Tok drosje, men kunne ikkje betala

Ein mann som skulle frå Bergen til Os var ikkje i stand til å gjera opp for seg.

Tok drosje, men kunne ikkje betala
Mannen tok drosje frå Bergen til Os, men hadde ikkje sjanse til å gjera opp for seg. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. jan. 2017 08:22

Politiet blei søndag kveld varsla om ein som «stal» seg ein tur frå Bergen til Os.

– Det var i 21-tida at drosjen kom fram til Os. Det viste seg at passasjeren verken hadde pengar eller betalingskort, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet rykte ikkje ut, men det er oppretta sak.

– Var passasjeren ueinig i prisen eller var det ein annan form for konflikt?

– Eg har ikkje inntrykk av det. Han hadde rett og slett berre ikkje sjanse å gjera opp for seg.

– Det som er vanleg er at slike saker blir meldt og hamnar i forliksrådet, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.