Lokal | 19. mars 2013

Tok eit kraftig Krafttak

Russen slo rekorden frå i fjor og samla inn over 100.000 til Kreftforeningen. Enkelte elevar samla inn over 4000 kroner åleine.

Tok eit kraftig Krafttak
Synnøve Rykkel selte cupcakes på AMFI Os som del av aksjonen. (Privat foto) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mars 2013 10:52

Russen ved Os Gymnas og Os vidaregåande skule sette rekord då dei i fjor samla inn til saman 78.000 kroner, 12.000 meir enn i 2011, til Kreftforeningen.

I år samla dei to skulane inn til saman inn over 98.000 kroner. I tillegg kom Konghaug-elevane med i aksjonen i siste liten og samla inn over 6000 kroner.

Russen i Os oppretta i år eit samarbeid med russen i Fusa, for å koordinera innsamlingsaksjonen betre, sidan alle skulane har elevar frå begge kommunar.

Les òg: Samkjørt Krafttak mot kreft

Russen i Fusa samla inn over 50.000 kroner.

Forskjellsbehandling

Under Krafttak mot kreft 2013 seier Kreftforeningen ja til forskjellsbehandling. Kreft rammar kvart menneske ulikt og då kan ikkje alle bli behandla likt.

Pengane frå Krafttak mot kreft går i 2013 til genforsking.

- Det er utruleg flott at russen har engasjert seg også i år, seier aksjonsleiar på Vestlandet, Lena Teigland.

Totalt blei det samla inn 2 millioner kroner i Hordaland. 24.000 bøssebærarar i heile landet engasjerte seg. I hovudsak var dette russ.

Enkeltelevar samla inn over 4000 kroner kvar

For å "sprita opp" stemninga litt blant russen før aksjonen lovde Midtsiden ein kasse øl til den frå kvar av dei i utgangspunktet tre skulane som samla inn mest.

Her er totalbeløp og beste elev frå kvar skule:

Os vgs: 23.296 kroner. Beste russ i aksjonen: Adrian Hagevik, 2.246 kroner.
Os gymas: 74.895 kroner. Beste russ i aksjonen: Jonas Hellevang, 4938 kroner.
Fusa vgs: 51.287 kroner. Beste russ i aksjonen: Tor Endre Tombre, 4.856 kroner.
Kongshaug Musikkgymnas: 6.212 kroner.
Totalt: 155.690 kroner

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.