Sport | 25. juni 2016

Tok eit viktig poeng

Os spelte 1-1 mot Sotra laurdag. Assistent-trenaren blei utvist.

Tok eit viktig poeng
Christoffer Hafsås jublar etter å ha satt inn 1-0 for Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 25. juni 2016 17:06

Sotra, som ligg på 3. plass på tabellen la umiddelbart press på Os då dei gjesta Os på Kuventræ laurdag, men det var Os, og Christoffer Hafsås som var tilbake frå skade, som skåra det første målet.

1-0 kom etter at Anders Havsgård plukka opp andre ballen etter at Stian Lunde hadde vunne ein duell på 16. meteren. Havsgård kom rundt på høgresida og la 45 gradar ut til Hafsås som banka ballen i mål frå 9 meter.

Håland fekk rødt kort

Etter 32 minutt blei det dramatikk på Kuventræ i ein situasjon kor ingen på tribunen skjønte nokon ting. Hafsås var i kamp om ballen med ein Sotra spelar, kor begge spelarane brukte armane for å halda kvarandre unna. Dommaren bles og dei fleste trudde det skulle bli Os-frispark, i staden blei det Sotra som fekk det.

Dette fekk assistent-trenar Ørjan Håland til å ropa på dommaren om at begge hadde brukt armane.

– Dommaren kjem bort til meg og ber meg reisa meg når han skal snakke til meg. Eg seier at han får berre seie det han skal, så vi kan koma i gang med kampen igjen. Det falt visst ikkje i god jord og eg fekk beskjed om å gå å setta meg på tribunen, fortel Håland.

Blei pressa

Reduseringa kom berre to minutt etter at Håland var bortvist. Storskårar Aleksander Dang sette inn ballen bak Andrew Todd i Osmålet og laga gjekk til pause med 1-1.

I andre omgangen var gjestane det førande laget, men klarte ikkje å overlista Todd i målet.

– Guttane gjer ein solid jobb bakover og står på for kvarandre heile kampen ut. Eg er stolt av måten dei fullfører kampen på. Det var eitt viktig poeng.

– I tillegg var det viktig å sjå at vi klarte dei tinga vi har jobba med. Det tek vi med oss etter å ha vore litt nede etter dei siste kampane, oppsummerer Håland.

Os - Sotra 1-1 (1-1)
Os sitt lag: Andrew Todd, Knut Spangelo Haga, Anders Havsgård, Torkel Hjertnes, Adrian Kallekleiv Valle, Marius Haugland Mikkelsen, Øystein Takle Eide (Sander Kvittingen), Torgeir Lunde, Emil Miridoozini Halver, Christoffer Hafsås, Stian Lunde

Os ligg etter kampen på den viktige 5. plassen på tabellen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.