Sport | 07. okt. 2017

Tok eit viktig poeng

Redda straffe, men mista sigeren i 80. minutt mot A-prega Haugesund 2.

Tok eit viktig poeng
Hafsås gav Os 1-0-leiing. Her i heimekampen, som òg enda 1-1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. okt. 2017 15:08

Haugesund 2 - Os 1-1 (0-1)
Målskårarar, Os: Christoffer Hafsås (18.)
Os: Thomas Hille - Endre Brenne, Ole Martin Kolskogen, Divaldo Cardoso, Knut Haga - Hassan El Fakiri, Marius Mikkelsen - Erik Kanestrøm (Rafael Villén), Torkel Hjertnes - Øystein Takle Eide Torgeir Lunde 64.), Christoffer Hafsås.
Gult kort: Christoffer Hafsås (28.) og Marius Mikkelsen (90.)

Os kjempa om viktige poeng då dei reiste til Haugesund i dag. Haugesund 2 har trappa opp i haust og sto med tre sigrar på rad før dei tok imot Os. Dei låg under streken, berre to poeng bak Os, før kampstart.

Tøff kamp mot 9 frå A-laget til Haugesund

Os tok leiinga ved Christoffer Hafsås i 18. minutt. Skåringa kom på innlegg av Knut Spangelo Haga.

– Gutane la ned mykje arbeid i dag. Haugesund 2 stile med 9 frå A-laget og det blei ein tøff kamp, synest spelane Os-trenar Hassan El Fakiri.

– Vi var tøffe og kompakte og spelarane kommuniserte på ein fantastisk måte. Ole Martin Kolskogen og Divaldo Cardoso rydda vekk det meste.

Strafferedning

På 1-0-leiinga fekk vertane straffe, men denne blei redda av Thomas Hille.

Men i 80. minutt utlikna Haugesund 2.

– Ein spelar kom seg fri på 20 meter og klinte ballen i lengste hjørne. Ein bra prestasjon, men den kunne kanskje vore unngått.

1-1 sto seg kampen ut, dermed blei det same resultat som mellom dei to laga på Kuventræ i vår.

– Å ta med seg eitt poeng frå denne kampen er vi nøgd med. Det er framleis opp til oss å avgjera dette.

Eit skår i gleda er det at Hafsås må sona karantene i neste kamp.

Andre resultat gjekk Os sin veg

Samtidig som Os fekk tatt eit viktig poeng på bortebane var det fleire resultat som gjekk Os sin veg.

Sånn såg tabellen ut rundt streken før runde 24:
7. Spjelkavik 31 poeng
8. Brann 2 30 poeng
9. Førde 30 poeng
10. Os 28 poeng
11. Haugesund 2 26 poeng
12 Stord 24 poeng

Sotra slo Stord 5-0. Stord er no 5 poeng bak Os når to rundar står igjen.

Spjelkavik leia 1-0 over Førde, fekk ein mann utvist i 43. minutt og auka til 2-0 i 44. minutt. Førde blei likevel ikkje poenglause, kampen enda 3-3 og avstanden til Os er like stor som før 24. runde.

Brann 2 spelte heime mot Brattvåg, leia 1-0, men tapte 1-2 og er no berre eitt poeng over Os.

• Les òg: Kjempar for opprykk og mot nedrykk

Kan bli avgjort i neste runde

Os sin neste kamp går borte mot Aalesund 2.

Med siger i denne, og siger til Brattvåg over Haugesund 2, er Os sikra plassen i 3. divisjon også om dei taper for Brattvåg heime i serieavsluttinga.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.