Også heime blei det 1-3-tap for Sotra. (Foto: KVB)

Tok leiinga - gjekk på nytt tap

Os tapte for Sotra i bortekampen laurdag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sotra - Os 3-1 (2-1)
Målskårar, Os: Rafael Villén
Os: Thomas Hille - Endre Brenne, Alexander Dale (Ole Martin L. Kolskogen), Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Hassan El Fakiri (Marius Mikkelsen), Rafael Villén, Skage Lehland - Erik Kanestrøm, Torkel Hjertnes og Christoffer Hafsås.
Fleire kampfakta på fotball.no

Klokka blei 18 før Sotra, som i helga arrangerer cup for ungar i Straume idrettspark, hadde ledig bane til å spela mot Os.

Os tok leiinga ved Rafael Villén i 22. minutt, men det blei likevel ingen god kveld for dei gule og svarte.

Vertane skåra i 36. og 45. minutt. I første speleminutt etter pause skåra Os igjen, men denne gong i eige nett.

3-1, som er same siffer som Sotra vann med på Kuventræ, sto seg kampen ut.

Møter Førde i neste runde

Dette var Os sitt tredje tap på rad og laget ligg med 25 poeng på 9. plass, 2 poeng bak Spjelkavik.

I neste runde (Laurdag kl 16) tar Os imot Førde på 10. plass.

Førde har nyleg slått både Fyllingsdalen og Brattvåg.

TERMINLISTE OG TABELL