Sport | 18. okt. 2014

Tok leiinga i Øystese

Os hadde full kontroll til pause, men vertane hadde også litt å by på.

Tok leiinga i Øystese
Christer Olsen og Erik Kanestrøm skåra kvart sitt mål borte mot Øystese. (Arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. okt. 2014 19:07

Laurdag spelte Os nest siste seriekamp borte mot Øystese.

– Vi opna bra og hadde god kontroll fram til pause, seier Jørn Vegard Berge.

Os-trenaren meiner vertane knapt klarte å skapa noko, bortsett frå på dødball, første del av kampen.

Øystese - Os 2-2 (0-1)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm og Christer Olsen.

Kanestrøm gav Os leiinga før pause, men ti minutt ut i andre omgang fekk Øystese frispark frå farleg distanse.

– Børge Borgen gjekk opp i hovudduell, men då dukka motstandaren. Vi skulle hatt frisparket, i staden gjekk det til vertane, som utlikna.

– Etter utlikninga blei det ein periode der det nesten såg ut som tennis på banen, men då Øystese gjekk opp i 2-1 på eit langskot etter ei nok svak klarering i vårt forsvar, tok vi oss saman.

Christer Olsen utlikna sju minutt før slutt. Før kampen var over blei det også hands i 16-meteren til Os og raudt kort på Stian Bakke, men Øystese fyrte ballen over mål frå straffemerket og Os fekk med seg eitt poeng heim.

– No var vi utan Stian Lunde og Ørjan Glesnes i dag, men spelte ein god førsteomgang og ein god slutt på andreomgangen.

– Eg synest det er imponerande kva tenning og innsats gutane viser på trening inn mot sesongslutt og er glad vi reiste oss etter den svake heimekampen i førre runde.

Os avsluttar serien heime mot Smørås laurdag.

Os ligg på 5. plass 4 poeng bak Bjarg og a-poeng med Haugesund 2 på 6. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.