
Tok med seg 2 poeng
Handballjentene frå Os kvalifiserte seg i september til den nasjonale Bringserien, kor dei skal møta 15 av dei beste 16-årslaga i Noreg gjennom 5 spelehelger i løpet av sesongen.
Første runde gjekk i helga på bortebane i Slåtthaughallen, mot Fana, Stabæk og Kattem.
- Fana og Stabæk er av mange tippa til å vera med å kjempa om seriemeisterskapen, så vi visste vi kom til å få ein tøff start av serien, fortel Ostrenar Frode Fyllingen.
- Nærmar oss
Første kamp gjekk mot naboane frå Bergen. Fana har dei siste åra vore det beste laget i den lokale serien for spelarar fødd i 1995. Osjentene fekk ein tøff start på kampen, men kjempa seg inn igjen og leverte ein strålande andre omgang.
- Eg synes vi speler jamt med Fana når vi får spela etablert angrep og forsvar, men vi får den rett i fleisen når vi brenn skota framover på banen.
- Dei er nok framleis litt betre enn oss, men vi har kome ganske nære dei, vurderar Fyllingen.
Os måtte til slutt sjå seg slått 26-32.
Møte med eit kraftlag
Os, som hovudsakeleg består av 15-årsjenter, fekk ein leksjon i kva som må til for å kjempa i toppen då dei møtte Bærumslaget Stabæk i laurdagens andre kamp.
Stabæk-jentene har tydeleg brukt fleire år i styrkerommet og var kraftige jenter med mykje musklar.
- Dei var rett og slett mykje sterkare, raskare og betre enn oss, konkluderar Ostrenaren.
Til tross for underlegen fysikk klarte Osjentene å halde tritt med Stabæk det første kvarteret. Etter berre ni minutt såg motstandaren seg nøyd til å ta time-out for å freista å gjera endringar mot eit hardarbeidande Osforsvar.
Utover i kampen kom skilnaden meir og meir til syne og Os måtte sjå seg slått 14-29.
- Vi heng ikkje heilt med når Stabæk skrur opp eit knepp i 2. omgangen. Samstundes blir vi litt for forsiktige framover på banen og får kjappe kontringar i mot.
Fossa frå
Helgas siste kamp gjekk mot trønderane frå Kattem. Endeleg skulle Osjentene møta spelarar på sin eigen storleik.
- Vi var einige før kampen om å trøkka til i forsvar.
- Det gjer jentene til fulle og leverar eit vanvittig bra forsvarsspel, skryt trenar Frode Fyllingen.
Til pause hadde Kattem berre klart å lure ballen 4 gongar bak Eva Kristiansen i Osmålet.
- Framover får eg det svaret eg håpa på frå jentene.
- Dei er mykje tøffare på lukene og tørr å satsa i dei.
Det gjer at Os kan gå av banen med ein komfortable 31-13.
- Det betyr mykje for oss å få med seg poeng frå denne første runden kor vi møter to av dei presumtivt beste laga, meiner Fyllingen.
Neste runde heime
Helga 10. og 11. desember går 2. runde i Bringserien. For Osjentene betyr det at dei er vertsskap i Oshallen når Flint, LHK-90 (Lillestrøm) og Molde kjem på vitjing.
- Det kjem også til å bli ei tøff helg, men vi håpar osingane finn vegen til Kuventræ og hjelper oss i dei tre kampane, så skal vi gjera vårt på treningsfeltet for å vera best mogleg rusta, lovar Frode Fyllingen.
Etter første runde ligg Os på 11. plass med to poeng.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no

