Kultur | 11. feb. 2017

Tok seg ein dans med ungdomen

Eirik Søfteland var med på å skapa yrande liv i kvar krok av Oseana då første «UKM Kulturverkstad» starta i dag.

Tok seg ein dans med ungdomen
Eirik Strønen Søfteland har ikkje gløymd gamle takter - her som mentor på kulturverkstad med UKM-deltakarane i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. feb. 2017 18:23

Bildeserie:

UKM på SNapchat: May-Helen Haukefer og Andrea Søfteland deltar som arrangørar. (Foto: KVB)
UKM på SNapchat: May-Helen Haukefer og Andrea Søfteland deltar som arrangørar. (Foto: KVB)
Rockarar frå Fusa i Os for å øva. (Foto: KVB)
Rockarar frå Fusa i Os for å øva. (Foto: KVB)
Instruktørar: Haavard Skaatun, Tommy Haltbakk og Kjetil O. Grønvigh. (Foto: KVB)
Instruktørar: Haavard Skaatun, Tommy Haltbakk og Kjetil O. Grønvigh. (Foto: KVB)
Malin Nøss Vangsnes leia dansarane. (Foto: KVB)
Malin Nøss Vangsnes leia dansarane. (Foto: KVB)
Verdensteateret på øvelseskøyring. (Foto: KVB)
Verdensteateret på øvelseskøyring. (Foto: KVB)
Teatergruppa blir leia av Natasja Smørholm (t.v.). (Foto: KVB)
Teatergruppa blir leia av Natasja Smørholm (t.v.). (Foto: KVB)
Amfiet blir fjerna for å gje plass til bord og stolar. (Foto: KVB)
Amfiet blir fjerna for å gje plass til bord og stolar. (Foto: KVB)
Arrangør-deltakarane lærer seg om scenerigg. (Foto: KVB)
Arrangør-deltakarane lærer seg om scenerigg. (Foto: KVB)
– Det er berre éin måte å gjera det på, seier Espen Hjertaas. (Foto: KVB)
– Det er berre éin måte å gjera det på, seier Espen Hjertaas. (Foto: KVB)
1 av 9

Søndag klokka 16 er det tid for årets UKM for Os kommune og Fusa kommune, i Oseana.

• Les òg: Her er alle deltakarane i årets UKM

Nytt i år er «UKM Kulturverkstad», øving med rettleiing, både laurdag og søndag.

– Vi er veldig nøgde med at heile 35 ungdomar har meldt seg på denne kulturverkstaden. Nokre av dei øver for seg sjølv, andre får rettleiing innan alt frå dans og musikk til drama og arrangement.

– Det er spesielt gledeleg at så mange ønskjer å delta som arrangør. Desse lærer om alt frå media og konferansier-rolla til rigging av scene, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå Os kommune.

– Mange måtar å gjera det på, men berre éin er rett

Mens nokre av arrangørane førebur seg på morgondagen ved å laga Snapchat-gruppe har andre rigga scene.

Halve amfiet blir nemleg rulla vekk, i staden skal Oseanasalen innreiast med runde bord og stolar.

– Vi bruker ein industristandard som er vanleg både andre stadar i Noreg og ute i verda. Ved sidan av at dei lærer seg å rigga scene så får ungdomen innføring i ulike ord og omgrep som blir brukt.

– Rekkefølgja er essensiell. Det er berre éin måte å gjera det rett på, alt anna blir trøbbel, seier Espen Hjertaas, tekniker i Oseana KF.

Dansande mentor

Blant rockarane møtte vi musikarar frå banda The Blueming Bruices og Sleepwalkers.

– Det har blitt så mange øvingar som ikkje har blitt noko av, at i dag måtte vi over fjorden på verkstad for å få øvd skikkeleg, seier rockarane frå Fusa.

Vi leitte blant rockeromma for å finna Idol-finalist og rockemusikar Eirik Strønen Søfteland. Eirik er blant mentorane, og då vi kom på at han òg har gjort det skarpt i ein annan TV-konkurranse så tok vi ein titt inn i dansesalen.

– Eg er med litt over alt. Det var kjekt å dansa igjen, seier Eirik, som hang fint med i trinna til instruktør Malin Nøss Vangsnes.

Ho jobbar som danselærar ved Bergen Privatgymnas og ved Bergen kulturskule.

– Om nokon vil visa meg det dei skal visa på scenen i morgon, for råd og vegleiing, så er det fint. Uansett så har eg ein del trinn og øvingar vi skal gjera i fellesskap. Det er jo det UKM handlar om, kulturutøvande ungdom som gjer noko saman, seier Malin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.