Kampsport | 07. des. 2013

Tok sin tredje VM-bronse

Kickboksar Ina Grindheim frå Os leia semifinalen 4-2, men missa med taktikken og er skuffa over at finaleplassen glapp.

Tok sin tredje VM-bronse
Ina vann kvartfinalen lett, dommaren stoppa kampen då ho leia 10-0. (Foto: Per A. Ringsby)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. des. 2013 08:33

Måndag starta VM i kickboksing, som blir arrangert annakvart år, denne gong i Antalya i Tyrkia.

Meisterskapen hadde 1011 deltakarar frå til saman 61 nasjonar, 17 av dei frå Noreg, osingen Ina Grindheim frå Pointfighter KBK var blant dei 17.

– Det har vore eit travelt og tøft år med ryggskade og skifte av jobb, men dei to siste månadane har eg vore aktiv med førebuingane og etter to bronsar håper eg no på finaleplass, sa Ina før avreise.

Suveren i kvartfinalen

Og VM, der Ina stilte i -65 kg, starta bra. Dommarane stoppa kampen og gav Ina sigeren då ho leia 10-0 over ei tysk jente ho også slo i verdscupen tidlegare i år.

– Ho har ein litt vanskeleg stil å gå mot, men det blei likevel ein komfortabel siger, seier Ina om kvartfinalen.

Italiensk juniormeister

I semifinalen sto italienske Antonella Esposito i motsett hjørne.

Ina slo Esposito 10-0 då dei møttest for 1,5 år sidan, men den unge italienske motstandaren har blitt sterkare sidan den gong.

– Ho vann junior-EM for to månadar sidan, så eg visste at ho ville yta motstand. Vi la opp ein taktikk ut frå at ho plar vera rastlaus med å angripa, og det fungerte i dei første to rundane.

Etter to av tre rundar leia Ina 4-2. Men Esposito fekk inn eit godt spark tidleg i siste runde og på 4-4 fungerte ikkje Ina sin kontringstaktikk lenger.

– Ho ville ikkje angipa, og då eg tok initiativ fekk eg smaka eigen medisin. Det sto 4-5 og eg måtte på offensiven igjen, seier Grindheim, som tapte 4-6.

– Bronse er bra, men etter ein kamp der eg missa med taktikken, ein kamp der eg verken fekk kjempa med nebb eller klør, kjennest det litt surt å mista finaleplassen.

Fleire norske medaljar

Noreg har samla sett uansett gjort det bra.

Birgit Reitan Øksnes og Cathrine Heggøy Fonnes har vunne gull og i morgon har Noreg fire andre utøvarar i finale.

I tillegg til Ina har desse tatt bronse:
Pointfight -84 Kg Veteran, Tom E Steinsland
Pointfight -89 Kg, Erik Brødreskift
Musical Forms, Inoka Eileen Skjønhaug

Dei fire norske finalane laurdag går mellom:Pointfight -50 Kg, Monica Engeset vs Giulia Cavallaro (ITA)Fullkontakt -52 Kg, Marielle V. Hansen vs Yeliz Koblay (TUR)Fullkontakt -60 Kg, Thea Therese Vingmark Næss, vs Kinga Siwa (POL)Lettkontakt -65 Kg, Madelen Søfteland, vs Nicole Trimmel (AUT)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.