Sport | 20. jan. 2018

Tok sølv i Erfurt

Sverre tok nok ein verdscupmedalje på 1500-meteren.

Tok sølv i Erfurt
Sverre Lunde Pedersen. (Arkivbilde, foto: Douwe Bijsma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2018 07:50

Fredag starta sesongens femte verdscup, som går i Erfurt, hovudstaden i den tyske delstaten Thüringen.

Sverre tok 2. plass på 1.500 meter med tida 1.45,76 fredag, 43 hundredelar bak russiske Denis Juskov.

Nederlendarane Marcel Bosker og Koen Verweij fekk 3. og 4. plass, Sindre Henriksen (1.46,58) og Allan Dahl Johansson (1.46,78) blei nummer 5 og 6.

Håvard Bøkko kom på 11. plass med tida 1.47,55.

I dag skal Sverre gå 5000 meter. Denne blir sendt direkte på NRK 2 frå kl 14.40-15.55. Lunde Pedersen går mot italienske Nicola Tumolero i nest siste par.

God sesong så langt

Lunde Pedersen har tatt fleire verdscupmedaljar denne sesongen. I Stavanger 18. november blei det gull på 1500 meter (1.45,07), i Heerenveen helga før tok han 3. plass på 5000 meter (6.15,81).

I Salt Lake City 10. desember blei det 4. plass på 5000 meter, men 6.07,61 var likevel noko å gleda seg over. Tida er ny norsk rekord, over to sekund betre enn Håvard Bøkko sin 6.09,94 frå 2009.

Siste før OL

Noreg stiller med 15 utøvarar i Erfurt denne helga, 6 kvinner og 9 menn.

Dette er siste sjanse til å gå seg inn i OL-troppen, ein tropp Lunde Pedersen frå før er på plass i.

Den norske troppen i Erfurt denne helga
(*= ikkje tatt ut til OL før VC 5)

Ida Njåtun, Asker SK
Hege Bøkko, Hol IL
Martine Ripsrud, Stange SK*
Anne Gulbrandsen, Eidsvold TF*
Sofie Karoline Haugen, Sandefjord SK*
Camilla Lund, Leinstrand IL*

Allan Dahl Johansson, Aktiv SK
Bjørn Magnussen, Spk Falken*
Henrik Fagerli Rukke, Hol IL*
Håvard Bøkko, Hol IL
Håvard Holmefjord Lorentzen, Fana IL
Johann Jørgen Sæves, Båstad IL*
Simen Spieler Nilsen, Arendal SK
Sindre Henriksen, Fana IL
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL

Vinter-OL XXIII (nr 23) blir arrangert i Pyeongchang‎ i Sør-Korea frå 9. til 24. februar 2018.

Her er nokre datoar for Sverre-fans å merka seg:
Søndag 11/2 kl 08.00: Skøyter – 5000 meter, menn (M)
Tysdag 13/2 kl 12.00: Skøyter – 1500 meter, menn (M)
Torsdag 15/2 kl 12.00: Skøyter – 10 000 meter, menn (M)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.