Lokal | 14. feb. 2018

Tomtekostnaden sprakk med 9 millionar

Seks kommunale byggeprosjekt sprakk med totalt 22 millionar.

Tomtekostnaden sprakk med 9 millionar
Tomtekostnaden auka frå 4 til 13 millionar etter at retten fastsatte prisen på tomteervervet. Bilete av Nore Neset ungdomsskule rett før opninga i 2014 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 14. feb. 2018 10:22

I kommunestyret tysdag får politikarane lagt fram byggerekneskapen for seks av byggeprosjekta dei har fullført dei siste åra. Alle prosjekta har gått på ein sprekk, frå vel 16.000 kroner på utvidinga av Kuventræ skule til nesten 10 millionar kroner for Nore Neset ungdomsskule.

Total kostnadsramme for dei seks prosjekta var vel 367 millionar kroner.

– Det er ikkje uvanleg at ein får overskridingar. Vi skulle sjølvsagt ønskja at byggjeprosjekta hadde helde budsjetta, men med alle investeringsprosjekt følgjer det ei uvisse, kommenterer ordførar Marie Bruarøy (H).

Den totale sprekken på 22 millionar kroner utgjer 6 prosent av den totale prosjektramma for dei seks prosjekta.

– 22 millionar kroner er mykje penger, men sett i samanheng med den totale prosjektramma så er ikkje det så urovekkande. Vi har eit pressa investeringsbudsjett, så sjølvsagt prøver vi å halde budsjetta, men undervegs i eit prosjekt kan det dukka opp ting ein ikkje har tatt høgde for. Prosentvis er overskridinga eigentleg liten, konkluderer Bruarøy.

Slik var prosjekta

Nedanfor finn du oversikta over vedtatt prosjektramme og meirforbruket.

  • Ny brannstasjon: 56.700.000/-1.409.355
  • Os kai, Ny hamn: 12.900.000/-966.917
  • Lysekloster skule: 55.000.000/-4.837.847
  • Os ungdomsskule: 72.000.000/-5.279.274
  • Nore Neset skule: 155.000.000/-9.556.381
  • Utviding Kuventræ skule: 16.000.000/-16.810
  • Total sprekk: 367.600.000/-22.066.584

Forklaringane

Slik forklarar tidlegare prosjektsjef Tor Inge Døsen og økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas overskridingane i saka som skal handsamast i kommunestyret.

Ny brannstasjon:

Prosjektet vart sluttført til ein sum dryge kr 109.000 over den vedtekne ramma pr 18.12.2012. ( 6 dagar etter formell opning av brannstasjonen).

På dette tidspunkt vart det vurdet at vedteken ramme ikkje ville bli bruket fullt ut og administrasjonen anbefalte kommunstyret å finansiere eit tilbygg til Os Taxi ved å løyve midlar frå prosjektet Os Brannstasjon.

Diverre påløpte det uventa mykje større ekstrakostnader i sluttoppgjeret med nokre entreprenører. I tillegg vart det naudsynt å få utført ein del tilleggsbestilte endringar for å få alle funksjonar på plass. T.d har elektroinnstallatør utført ekstra innstallasjonsarbeid for i overkant 1,6 mill kr inkl mva så seint som i 2014.

Os Kai, Ny hamn:

Prosjektet har gitt Os kommune ein vesentleg oppgradert og solid industrikai. Renovering av gammal industrikai var noko som måtte bli gjort uavhengig av planane for gjestehamna, og arbeidet med industrikaien har mellom anna medført behov for å meisla vekk gammal sement frå gammal kai. I tillegg er gjestehamn i indre hamnebasseng blitt opprusta, men promenade, straumsøyler og betalingsautomatar for gjestande båtar.

Lysekloster skule:

Prosjektet vart utvida til å bygge ein full 2. etg på den nye klasseromsfløyen slik at ein ved seinare utviding lettare kan gjennomføre dette på relativt kort varsel og utan ulemper for skuledrifta. Administrasjonsfløyen vart oppgradert samstundes som oppføring av ny klasseromsfløy. Dette var ikkje medteke i opprinnelig plan. Oppgradering av gymnastikkbygget og garderobane er og inkludert i prosjektet.

Os ungdomsskule:

Ved gjennomføring av prosjektet måtte ein, på grunn av dårlege grunnforhold, utføre ekstraordinær peling og ny fundamentering på deler av gamlebygget før ein kunne starte planlagde arbeider. Å halde skulen i full verksemd gjennom heile byggeperioden på 2 år samtidig med total rehabilitering innebar at skulen måtte få prioritet og dette påførte oss utvida byggetid og ekstra kostnader. Den positive erfaringa er at vi makta å unngå større konsekvensar for skulekvardagen.

I ettertid har det vist seg at prosjekteringsteamet nok undervurderte oppgraderingstrongen av teknisk anlegg. Dette har ein måtta tatt tak i etter at byggeperioden var avslutta med mellom anna eit heilt nytt ventilasjonsanlegg i nordre halvdel av skulen.

Nore Neset ungdomsskule:

Prosjektet vart avslutta i løpet av 2016, men var i praksis ferdig i 2014. I 2015 vart det gjort ei budsjettjustering på kr 13 000 000,-. I budsjettet var det avsatt kr 4 000 000,- til tomteinnløysing men retten fastsette grunnervervet til kr 13 000 000,-. Sluttkostnaden vart derfor høgare enn opprinnelig budsjett.

Gjennomføringa av dette store skuleprosjektet gjekk godt med ein dugande entreprenør Hent AS frå Trondheim. Sjølve prosjektet vart sluttført på tid, kvalitet og kostnad i samsvar med vedteken byggeplan.

Utviding Kuventræ barneskule:

Prosjektet vart gjennomført på uvanleg kort tid, med dei utfordringane det medførte. Prosjektet hadde krevjande grunnforhold, og det meste av bygginga vart gjort i perioden april til juli 2014. Ttilbygget vart klart til skulestart hausten 2014 med minst mogleg klaring. Siste godkjenning til bruk vart gitt dagen før skulestart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.