Tone Linn Knutsson kunne løfta sykkelen og jubla etter målgang i Paris (privat foto)

Tone Linn nådde Paris

Ei veke på sykkel for barn med kreft: Tone Linn Knutsson og Team Rynkeby Bergen passerte målstreken laurdag.

Av: Andris Hamre

Tone Linn Knutsson blei i fjor haust del av det nyoppretta Team Rynkeby Bergen, eit av fem norske Team Rynkeby-lag, som syklar til Paris for å samle inn pengar til barnekreftforeningen.

Det starta med ein dansk gjeng med mosjonssyklistar, med tilknyting til juicebedrifta Rynkeby Foods, som i 2002 sykla til Paris for å sjå innspurten på Tour de France. I år deltok nær 1700 syklistar og 450 hjelpere på 44 lag på turen til Paris.

– Det har vore ei heilt fantastisk reise som eg kjem til å leve lenge på. Turen har gått over all forventning. Eg hadde ikkje trudd det skulle gå så lett. Beina er overraskande gode i dag, fortel Tone Linn, knappe to dagar etter målgang i Paris.

240 kilometer i pissregn

Dei norske laga starta turen til Paris frå Rikshospitalet laurdag for vel ei veke sidan. Etter å ha blitt ønska god tur sykla dei i samla tropp ned til Kiel-ferga før turen gjekk vidare gjennom Tyskland, Nederland og Belgia til Frankrike.

– Med unntak av sjarmøretappen på 96 kilometer, så har etappane vore frå 120 til 240 kilometer. Det blei nokre tøffe dagar med 210 kilometer den eine dagen, for så å sykla 240 kilometer på sju timar i pissregn.

– Trass regnet var det kjempegøy. Det var nok den dagen vi hadde best flyt i laget. Alle tok vêret med godt humør og hjalp kvarandre fram.

Sykla opp Mur de Huy

Ei av etappane passerte Mur de Huy, kjend frå proffrittet Flèche Wallone og som målgang på tredje etappe i Tour de France 2015. Monsterbakken kan kanskje synast kort med sine 1300 meter, men den har til gjennomsnitt ei stigning på 9,3% og 26% på det brattaste.

– Alle rytterane på Team Rynkeby Bergen klarte å sykle heile bakken og over toppen. Det var det ingen andre lag som klarte. Eg skal innrømme at det var nummeret før eg gjekk av like før mål, men ein av lagleiarane kom ned til meg og fortalde at no var det berre rundt svingen, så var vi der. Då måtte eg jo berre klare det, fortel ei stolt Tone Linn om den tøffaste biten av løypa.

Gjekk i bakken

Knutsson hadde satt seg som mål om ikkje å måtte sitta på med følgjebilen i løpet av turen frå Kiel til Paris.

– Eg måtte ta meg ti mil i følgjebilen etter at eg gjekk rett i bakken på ei av etappane. Eg kom meg oppatt på sykkelen med kjende etterkvart at eg blei svimmel og kvalm, så då måtte eg kaste inn håndkle og setta meg i bilen.

– Gikk turen ellers uten tekniske problem?

– Stort sett, eg hadde to punkteringar og litt tull med den i den første bakken vi kom til i Nederland. Då hørte eg det byrja å klikke i den og eg sa i fra til ein av dei som låg ved sidan av meg. Han la seg på hjul og såg at kjeden min var øydelagt. Heldigvis hadde vi med oss eit par dyktige mekanikarar som hjalp meg. Vi hadde eit fantastisk serviceteam som sto klare med mat og drikke og gjorde alt for oss.

Beste nystarta lag

Hovudformålet med turen var å samla inn penger til barnekreftforeningen.

– Team Rynkeby Bergen er jo eit nyoppretta team. Difor er det litt kjekt at vi allereie veit at vi er det laget som har samla inn mest pengar det første året vi er i drift. Aksjonen held fram ut august, før dei fem laga i Noreg overrekker ein felles sjekk til barnekreftforeningen.

– Det gjekk litt trådt i starten og vi har ikkje fått inn så mange draktsponsorar som vi ønskja, men vi har tatt det att på arrangement vi har vore med på. Mellom anna med NR 1 Fitness og med sykkel-VM kor vi hadde spinning på Fløyen eit par dagar før vi starta. Den endelege summen er ikkje klar, men vi passerer dei 700 000 - 750 000 som nyoppstarta lag vanlegvis får inn.

Har lyst på ny tur

Knutsson fortel om ei fantastisk oppleving då dei kryssa målstreken i Paris.

– Den kryssa vi som lag. Der sto det mykje slekt, vener og dei andre laga og tok i mot oss. Det var ei fantastisk oppleving å vera med på.

– Kva med neste år, blir det ny tur?

– Eg har veldig lyst, men eg må nesten høyre med dei heime først. Det har vore eit eventyr og eg er stolt over å ha fått vera med å representere saka. Det samhaldet, omsorgen som ryttarane har vist for kvarandre har vore heilt rått å få oppleva, avsluttar Tone Linn Knutsson.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.