Kultur | 01. feb. 2018

Tone og Madcon til Osfest

«Hver gang vi møtes»-stjernene Tone Damli og Tshawe Baqwa kjem til Osfest.

Tone og Madcon til Osfest
Tone Damli og Madcon er klare for Osfest (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 01. feb. 2018 09:00

I desse dager er Tone Damli og Tshawe Baqwa med i den sjuande sesongen av populære «Hver gang vi møtes» på TV2 kor artistane hyllar og framfører kvarandre sine låtar.

No er det stadfesta at begge to blir å sjå på Osfest-scenen i august. Ikkje saman, men kvar sin dag.

No kjem Madcon

Tshawe Baqwa utgjer halvparten av Madcon, kor han syng saman med Yosef Wolde-Mariam. Dei to sto eigentleg på Osfest-programmet allereie i fjor, men måtte utsetta konserten.

– Vi gjorde allereie då avtale om at dei i staden skulle koma i 2018, og det gjer dei. Madcon går på scenen fredagen, fortel Tor Egil Hylland.

Madcon blei oppdaga av musikkprodusent David Eriksen allereie i andre halvdel av 1990-talet, men blei ikkje folkeeige før dei i oktober 2007 gav ut singelen «Beggin'». Totalt har den seld til seks ganger platina i Noreg.

Under Melodi Grand Prix på Telenor Arena 29. mai 2010 tok dei heile Europa med storm då dei, som pauseinnslag, fekk dansarar i ei rekkje byar i Europa med på ein flash mob til låta «Glow».

– Eg reknar med det blir gode moglegheiter får å dansa med også på Osfest, smiler festivalsjefen.

Eit solid comeback

Laurdag er det Tone Damli sin dag på «Hver gang vi møtes».

– Då er det hennar musikk som skal tolkast av dei andre, noko som blir spennande. Sjølv har ho hausta gode tilbakemeldingar for sine prestasjonar på skjermen denne vinteren og ser ut til å vera i toppform om dagen.

– Ho har vore litt borte frå musikken dei siste åra, men gjorde eit solid comeback i fjor med singlane »Pinnacle» som kom i januar og «Strangers» som ho slapp rett før jul.

– Med fleire nye låter på trappene gler vi oss stort til å få vitjing av Tone Damli. Ho speler laurdagen under Osfest, avslutter Hylland.

Tone Damli fekk sitt gjenombrot som artist etter andreplassen i TV2-programmet «Idol» i 2005 og blei nummer to i Melodi Grand Prix med »Butterflies» i 2009. Ei låt som låg heile 17 veker på VG-lista og selde til platinaplate.

Desse er klare for Osfest

Fredag:
• Stavangerkameratene
• Madcon

Laurdag:
• Endre Nordvik
• Tone Damli
• Morten Abel
• Staut

Midtsiden si samleside om Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.