Kultur | 21. mai 2015

Tonn på tonn med norsk sommarkunst

SkulpTur 2015: Denne og neste veke blir Os sentrum fylt opp med skulpturar for over 4 millionar kroner.

Tonn på tonn med norsk sommarkunst
«Bølger i vann» av John-Audun Hauge. Tysdag kom den første av 14 skulpturar til SkupTur 2015 på plass i Os. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2015 10:41

Etter åtte skulptursymposium, der kunstnarar frå store delar av verda annakvart år sidan 1999 har besøkt Os for å laga skulpturar, har arrangør Os Kulturutvikling i år tenkt nytt.

Bakgrunn, les: Ut på SkulpTur

– Vi håper utstillinga skal vera leiken og tilgjengeleg, og inspirera osingar og besøkande til å sjå Osøyro med nye auge og læra seg litt om skulpturar og stein i same slengen, seier Marie Hauge frå Os Kulturutvikling.

Legg opp til vandring

Tysdag kom den første av skulpturane til SkulpTur 2015 på plass i Os, John Audun Hauge sin «Bølger i vann» ligg no plassert på Kyrkjeflaten.

– Det er berre norske kunstnarar og mykje norsk stein på veg til bygda, seier Marie.

Laurdag 30. mai opnar utstillinga, som skal stå gjennom sommaren og fram til søndag 30. august.

– Dei skal stå i ein fin akse frå Os kyrkje til Mobergsneset, blant anna på Kyrkjeflaten, Baronsplassen, utanfor Sparebanken Vest og rådhuset og ved og i Oseana.

Over 35 tonn med kunst

Utstillinga i SkulpTur 2015 består av verk av 12 ulike kunstnarar, til saman 15 skulpturar, nokre av dei i fleire frittståande delar.

Skulpturane veg frå 300 kilo til 9 tonn (!), samla sett består utstillinga av til saman over 35 tonn med kunst av stein.

Kan kjøpast

Prisane varierer frå 30.000 til 800.000 kroner, men dei fleste ligg på mellom 200.000 og ein halv million kroner. Samla sett er verdien på over fire millionar kroner.

– Også i år er det mogleg å kjøpa skulpturane, men det har ikkje vore førehandssal sånn det var under symposia, fortel Hauge.

– Det hadde vore veldig kjekt om nokre av desse blei ståande igjen i Os. Vi i Os Kulturutvikling prøver å få til eit spleiselag på ein av dei, «Båten» av Kristian Blygstad. Den meiner vi passar godt i Os.

Kunstnarane og namn på skulpturane:
Nico Widerberg: Tegn hun + Tegn han
Stig Eikaas: Anders Askevold
John-Audun Hauge: Bølger i vann
Kristian Blystad: Båten
Knut Bryn: Spekkhogger + Oryx
Marit Lyckander: Helt i VIII
Gunn Harbitz: Utan tittel
Kjersti Wexelsen-Goksøyr: Fire ansikter + Tre ansikter
Sissel Berntsen: Rumours 1, 2 og 3
Hjalmar Lothe: Øks, med inspirasjon frå steinalderen, Øks, med inspirasjon frå vikingtida og Øks av typen bile (blir viste inne i Oseana).
Arne Mæland: Sankta Sunniva
Vidar Bratlund-Mæland: Ost og vin


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.