Kultur | 13. feb. 2013

Topp 40 i Idol

– Det var ei tøff, men gøy helg, seier Eirik Søfteland. No er det sjåarane som bestemmer resten, her er dato for Eirik sin semifinale og deltakarane han skal kjempa mot.

Topp 40 i Idol
Eirik Søfteland song seg vidare med Lenny Kravtz-låta "Fly Away". (Skjermskot, TV2.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. feb. 2013 23:13

Onsdag kveld kunne vi sjå Idol-deltakar Eirik Søfteland (24) bli blant dei 40 som går til semifinale i årets Idol.

Det vil seia, vi fekk ikkje sjå anna enn ein jublande Eirik slenga seg om halsen på programleiar Stian Blipp.

Eirik, og dei andre semifinalistane sine framføringar kan du sjå på på denne sida på TV2.no.

Rar, travel og gøy helg

– Det var ei travel og litt rar helg, som å vera på leir, hotellet var fylt med deltakarar og det var øving og synging i alle gangar.

Idol-runden blei halden i månadsskiftet november-desember på Gardermoen Airport Hotell.

– Men det var veldig gøy, mykje musikk og mykje humor. Det var lett å bli kjent med folk og vi hadde det veldig fint saman, seier Eirik om helga der dei som gjekk vidare blei redusert frå 100 til 40 semifinalistar.

På direkten 27. februar

No skal semifinalistane kjempa mot kvarandre i grupper på 8 per kveld, der 2 går vidare til første finalerunde, der det ryker ut berre 1 per kveld.

Sendingane er direktesendt og det er sjåarane sine stemmer som avgjer kven som går vidare.

Eirik sin semifinale går onsdag 27. februar.

Unge Søfteland skal kjempa mot Charlotte Elisabeth Øveraas, Ola Weel Skram, Camilla Bendiksen Rakbjørg, Christer Dalsbøe, Elise Frantzvåg Karlsmoen, Jonas Joakimsen og Ingebjørg Andrea Vik om dei to plassane.

Sjå også denne semifinale-oversikten på VG Nett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.