Sport | 20. mai 2017

Toppar tabellen før NM-kampen mot Brann

Fire målskårarar då Lysekloster slo Førde på bortebane.

Toppar tabellen før NM-kampen mot Brann
Førde rykte ned saman med Lysekloster i fjor, men vann sesongavsluttinga (bildet). I dag blei det 4-0 til Lysekloster. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. mai 2017 18:13

Lysekloster toppar tabellen etter 5 sigrar på årets 6 første kamar.

I dag slo dei Førde, botnlaget som i haust slo Lysekloster 0-2 i sesongavsluttinga, heile 4-0.

– Mange venta nok at vi berre skulle opp her og henta tre poeng, men bortekamp mot Førde, på høgt gras og ujamn bane, er inga enkel oppgåve, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Det blei verken fin fotball eller god underhalding, men tøffe duellar i ein god krigekamp. Dette løyste vi betre enn Førde, og eg er veldig nøgd med det arbeidet gutane la ned for å vinna også denne kampen.

Førde fekk ein spelar utvist i 43. minutt. 0-1 kom på straffe.

Førde - Lysekloster 0-4 (0-1)
Målskårarar: Espen Birkeland, Vladan Radojkic, Ole Thomas Herrem og Joakim Helland.

– No er vi ferdig med alle dei tre kampane vi har på gras i år, og har tatt tre poeng i alle tre.

– Å vera tabelltopp før onsdagens NM-runde mot Brann er ei god kjensle. No skal vi få Førde-kampen ut av hovudet og ut av beina, og så gler vi oss til ein festdag på heimebane onsdag.

Brann snudde i dag kampen og vann 3-2 over Sogndal.

Neste seriekamp for Lysekloster er heime mot Herd, som ligg på 8. plass, søndag om ei veke.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.