Lokal | 29. jan. 2015

Toppen av Venstre

Nominasjonsmøte i går: Her er fire av dei fem øvste kandidatane frå Os Venstre til årets kommunestyreval.

Toppen av Venstre
F.v.: Glenn Erik Haugland (2. plass), Jon Sivert Rykkel (1.), Sveinung Stensletten (4.) og Astrid Dale (5.) . Mari Lund Eide (3. plass) er i USA. (Foto: Os Venstre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. jan. 2015 10:16

Os Venstre hadde onsdag nominasjonsmøte i styremedlem Glenn Erik Haugland sitt Studio E39.

4 av dei 5 toppkandidatane på lista er nye, men Venstre held på Jon Sivert Rykkel som toppkandidat frå førre val.

– Terje Hatvik og Marie Melhagen, som var på 2. og 3. plass til førre val, hadde ønske om å trappa ned.

– Men alle fem i styret, altså også dei fire som er nye i toppen, sit alle i styret. Det er ein gjeng aktive og engasjerte kandidatar som er plassert på dei fem øvste plassane, seier toppkandidat Rykkel.

Frå musikk til fiske

Sjølv er formannskapsmedlem Rykkel (24) utdanna økonom og jobbar som lærarvikar. Han har med seg komponist Glenn Erik Haugland (53) frå Søre Neset som 2. kandidat.

«Rykkel og Haugland har de siste årene revitalisert opposisjonspolitikken i Os og definert den politiske agendaen med saker som motstand mot bro over Bjørnafjorden, ressursknapphet i Os skolene, utbyggingssaker, næringspolitikk og lokaldemokrati» skriv Os Venstre i ei pressemelding i dag.

På 3. plass har Venstre nominert Mari Lund Eide (22) frå Os vest. Eide studerer denne våren i Boston og er kjent i Os for hennar innsats innan friidrett. På 4. og 5. plass har Venstre plassert Sveinung Stensletten frå Søfteland og Astrid Dale frå Søre Øyane.

– Sveinung er datamann og gjer ein god administrativ jobb for organisasjonen vår. Fiskebåtreiar Astrid er ei kunnskapsrik og engasjert dame som mange kjenner. Eg synest vi har fått ein veldig fin gjeng på toppen av lista vår.

Målet er å auka frå 2 til 3

Os Venstre gler seg til å halda fram med å «fylla rolla som det mest offensive opposisjonspartiet i Os», som dei sjølv skriv i pressemeldinga.

Partiet har i dag to plassar (av 35) i Os kommunestyre.

– Målet for komande periode er å auka til tre. Held vi fram med tilsvarande vekst som vi har hatt dei siste periodane så skal det gå greit, seier Jon Sivert.

Venstre kan visa til auka tilslutting ved alle dei tre siste kommunestyrevala.

2003: 3,7 %
2007: 4 %
2011: 5,5 %

... og eit sterkt valresultat ved stortingsvalet i 2013 (5,6 %).

– Det bles ein frisk Venstrevind i Os for tida, meiner Os Venstre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.