Sport | 13. okt. 2014

Toppskårar frå Karmøy

Egil Thuen såg Søre Neset vinna i serieavslutninga, men ingen var nær på å tangera toppskåraren som no speler for Djerv 1919.

Toppskårar frå Karmøy
Egil Thuen såg Søre Neset kjempa om 2. plass og kvalik til opprykk laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. okt. 2014 06:46

Med seks mål i éin kamp og til saman 15 mål på cirka ein halv sesong for Søre Neset blei Egil Thuen toppskårar for laget som no skal kjempa om opprykk til 5. divisjon.

Egil såg storebror Alexander, som også har skåra mykje på få kampar, setja inn 2-0 i serieavslutninga. Men Alexander har ikkje spelt mange nok kampar til at han kunne truga tittelen til veslebror, som sidan i haust har spelt for Djerv 1919.

Lagkamerat med Mjelva

I slutten av august flytta Egil til Karmøy for å gå på folkehøgskule i Kopervik.

Han trivst på skulen, på linja multisport og puls, og i ny klubb, Djerv 1919.

– Eg speler med juniorlaget, som er i 1. divisjon, men har også hatt to innhopp på A-laget i 4. divisjon, fortel den tidlegare Os- og Nore Neset-spelaren.

På juniorlaget speler han saman med keepertalentet Henrik Mjelva frå Søfteland. Mjelva spelte for Lysekloster 2 i vår.

– Det er eit godt lag og vi klarte blant anna 0-0 mot Vard Haugesund, som hadde vunne alt før dei møtte oss. Dette trass i at vi spelte med utespelar i mål og med ti mann (det var ikkje Mjelva som blei utvist).

Tilbake i 3. divisjon?

Thuen har skåra fleire mål for juniorlaget til Djerv 1919 i haust.

Men kva mål har han for 2015 etter at han i mai kjem heim til Osbygda?

– Eg veit ikkje. Vi får sjå når vinteren er over, seier Egil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.