Sport | 15. mai 2009

Tore klar for trøbbel

- I kveld blir det slåsskamp, og eg er klar, seier Tore Valvik om kveldens bortekamp mot Hovding.

Tore klar for trøbbel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mai 2009 10:13

Tore Valvik har vore ein av dei viktigaste spelarane til Os dei siste åra, men har slite med ein dårleg ankel i vinter, og ein god konkurrent i Vegard Leikvoll Moberg om plass på midtbanen.

- Formtoppen kom litt etter sesongstarten, men no er eg klar. Det har vore litt rart å starta på benken, men eg har ikkje stressa, sesongen har nettopp starta, seier Tore.

Dei beste spelarane
Frank Hellevik lar Tore Valvik, Stian Lunde og Preben Borgen starta på midten i dag.

- Tore har prestert godt så langt, både for Os 2 og når han har vore på banen for A-laget. Mot Hovding blir det truleg ei fysisk hard opning, og då er det godt å ha ein sterk og rutinert Valvik i form, seier Frank Hellevik.

Trenaren seier at dei tre saman med Vegard Leikvoll Moberg er dei fire beste midtbanespelarane i divisjonen.

- Hovding har erfarne spelarar, og det blir nok ein tøff kamp. Men når det kjem til individuelle eigenskapar kunne eg ikkje ha skifta ut ein einaste på Os, same kvar på banen dei spelar, med nokon frå Hovding.

Frå topp til 5. plass
Hovding leia serien etter dei tre første rundane, men gjekk på eit stygt 0-4-tap for Voss på bortebane i førre runde. Os spelte treningskamp mot Hovding i vinter. Hovding vann 3-1, men visste truleg ikkje at dei spelte mot ein ung versjon av Os 2.

- Laget har høge ambisjonar og kallar seg favorittar til opprykk. I kveld får vi sjå om dei fortener stempelet, seier Hellevik.

- Eg er glad for at eg er med frå start i dag. Det blir slåsskamp, og det likar eg, seier Valvik om kveldens møte med laget dei slo i kamp om opprykk i 2006.

Desse spelar frå start i kveld: Halvard Enes, Tony Skarvatun, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Preben Borgen, Andreas Bjørnen, Torkel Hjertnes og Tim Henrik Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.