Os hamn i dag, blikkstille fjord og nesten skyfri himmel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Torsdag og måndag får finast vêr

Sånn er vêrmeldingane for påsken.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter ei palmehelg med stort sett opphaldsvêr på dagtid kom det sludd og kraftige vindkast i Os måndag.

Tysdag har starta med blå himmel over Os, men det er venta overskya og nedbør både tysdag kveld og onsdag, er Yr og Storm einige om.

Det finaste påskevêret er venta torsdag, som skal starta overskya, men bli lettskya frå 12-tida. På ettermiddagen skal vinden auka frå 2 til 6 m/s.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro frå Yr og Storm side om side på Pent.no.

Fredag til søndag med sol og regn

Langfredag skal starta lettskya, men sol skal bli til regn på ettermiddagen. Storm melder nedbør heile påskeaftan, mens Yr melder regn på formiddagen og opphaldsvêr på ettermiddagen.

Søndag skal bli finare, sol og opphaldsvêr, ifølgje Yr, overskya og fare for litt nedbør på ettermiddagen, ifølgje Storm.

Måndag er Yr og Storm einige om skyfri himmel, 5-8 vamegradar og svak vind.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.