Kultur | 03. des. 2016

Tøysete programslepp i Oseana

Det blei musikk, song, graut og gløgg på publikum då Oseana i dag serverte vårprogrammet.

Tøysete programslepp i Oseana
Tre av dei fire jentene i Taus lagde show i fojaeen i dag. I februar vil dei stødige vokalistane tøysase seg for dei yngste. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. des. 2016 14:36

Bildeserie:

Os Musikkforening skapte stemning. (Foto: KVB)
Os Musikkforening skapte stemning. (Foto: KVB)
... og det blei allsong. (Foto: KVB)
... og det blei allsong. (Foto: KVB)
Programslepp med gratis gløgg og graut. (Foto: KVB)
Programslepp med gratis gløgg og graut. (Foto: KVB)
Janne Mari og Ole Tobias. (Foto: KVB)
Janne Mari og Ole Tobias. (Foto: KVB)
Programmet for våren 2017. (Foto: KVB)
Programmet for våren 2017. (Foto: KVB)
Foajeen var fullsett under sleppet. (Foto: KVB)
Foajeen var fullsett under sleppet. (Foto: KVB)
Tre frå Taus klar for te. (Foto: KVB)
Tre frå Taus klar for te. (Foto: KVB)
1 av 7
Os Musikkforening skapte stemning. (Foto: KVB)
... og det blei allsong. (Foto: KVB)
Programslepp med gratis gløgg og graut. (Foto: KVB)
Janne Mari og Ole Tobias. (Foto: KVB)
Programmet for våren 2017. (Foto: KVB)
Foajeen var fullsett under sleppet. (Foto: KVB)
Tre frå Taus klar for te. (Foto: KVB)

I dag hadde Oseana programslepp i foajeen, der dei hadde invitert til gratis graut og gløgg saman med nokre musikalske innslag.

Os Musikkforening, som speler førjulskonsert med Tilslørte Bondepiker i Os kyrkje i morgon, skapte julestemning og allsong, tre av dei fire syngande jentene i Taus, som 18. februar har framsyning med song og teater, som passar spesielt godt til dei aller yngste, gav oss ein smakebete på «Tøysete teselskap med Taus».

– Det er alltid ein stor dag når vi har eit nytt program i hendene, både i innhald og i korleis programheftet, som vi har ein del jobb med, ser ut, sa Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Han presenterte vårprogrammet saman med kollega Janne Mari Hjelle, og helste frå programsjef Berit Steen, som snart er tilbake frå permisjon.

Noko for alle - og to nysatsingar

– Eg håper vi har noko for alle denne våren. Vi vil by på familieprogram, teater og drama, humor og show, ei rekkjer konsertar – og mange lokale aktørar, sa Lindeberg.

To nysatsingar er det òg; lesestafett og U-Fest.

– I lesestafett skal vi ta oss gjennom ein heil roman. Det vil koma informasjon om korleis å melda seg på, om du vil lesa nokre kapittel, sa Hjelle.

U-Fest er ei nysatsing for ungdom.

– Vi ønskjer å gjera meir saman med, og for, ungdomen. I lag med Os kommune og Os Rockeklubb lager vi ungdomsfest i mai, med Kløver og Skarre R, Lisky og Raylee og nokre band i tillegg, håper vi dette kan bli ein fin kveld for dei frå 14 til 20 år, rusfri, naturlegvis.

Datoar å merka seg

Midtsiden kjem tilbake med meir om programmet i eiga sak.

Spesielt februar og mars er tettpakka, her er nokre av høgdepunkta;

• Sondre Lerche 21/1
• Heia Flåklypa! (teater) 5/2
• En mann ved navn Ove (Sven Nordin, teater) 7/2
• UKM 12/2
• Latter LIVE (Loven, Neess, Carrington, Ødegaard og Ravneberg) 24/2
• Gudbedre! (Anne Kat Hærland) 2/3
• Halvdan Sivertsen - Ennu ikke landa 10/3
• Christine Sandtorv 11/3
• Unni Wilhelmsen og Henning Kvitnes 17/3
• Kollaps i kulissene (teater med bl.a. Hege Schøyen og Ingar Helge Himle) 31/3
• U-FEST 20/5
• Nordvegen, med Ivar Bjørnson og Einar Selvik frå Enslaved 28/5

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.