Lokal | 26. sep. 2016

Trafikkontroll og to påkøyrde dyr

Søndag formiddag blei det skrive ut to gebyr, søndag kveld blei ein bil knust i møte med ein hjort.

Trafikkontroll og to påkøyrde dyr
To hjort blei påkøyrd søndag kveld. (Arkivfoto/ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. sep. 2016 07:47

Søndag frå klokka 13.15 hadde politiet trafikkontroll på Strønevegen.

– Vi sjekka bilbeltebruk og dokument. Folk var flinke med bilbelte, men to av dei 83 kontrollerte hadde gløymt å ta med seg førarkortet og fekk gebyr, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Knust rute på E39

Søndag i 31.30-tida blei ein hjort påkøyrd på E39, på bysida av kommunegrensa på Søfteland.

Bilen fekk skader i fronten, blant anna blei frontruta knust. Hjorten sprang vidare.

– Eg er ute og leitar etter hjorten no, fortel viltkontakt Espen Andersen.

Omtrent samtidig blei ein hjort påkøyrd i Hegglandsdalen. Denne hjorten blei gåande på bøen i nærleiken ei stund etterpå, og etter observasjon av dyret blei den friskmeldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.