Lokal | 22. apr. 2017

Trafikktrøbbel på Strønebrua

Politi og ambulanse rykte ut til Strønebrua etter eit uhell laurdag kveld.

Trafikktrøbbel på Strønebrua
Ifølgje vitne er det stopp i trafikken etter uhell på Strønebrua. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. apr. 2017 21:42

Bildeserie:

Bilen mista eine hjulet. (Lesarbilde)
Bilen mista eine hjulet. (Lesarbilde)
Trafikken blei ståande etter uhellet på brua. (Lesarbilde)
Trafikken blei ståande etter uhellet på brua. (Lesarbilde)
1 av 2
Bilen mista eine hjulet. (Lesarbilde)
Trafikken blei ståande etter uhellet på brua. (Lesarbilde)

Laurdag i 23.30-tida får Midtsiden melding om utrykning til Strønebrua.

Midtsiden har førebels ikkje lykkast i å nå politiet, men vitne fortel at trafikken står i begge retningar.

– Trafikken står i begge retningar, fortel ein innringar.

– Etter det vi kjenner til er det ein bil som har mista eit hjul. Ingen skal vera skadd, seier eit anna vitne.

Ingen skadd

Politiet stadfestar opplysingane.

– Vi fekk melding om uhellet klokka 23.15. Det viste seg at eit hjul har ramla av ein bil, og det er berre denne eine bilen som er involvert, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Det var tre personar i bilen. Lege har sjekka alle, og dei er ok.

Det var nokre trafikale problem i samband med uhellet, men politiet er klokka 23.49 i ferd med å avslutta på staden.

Har du tips eller bilde til redaksjonen?

Ring vakttelefon 97975200 eller send melding eller bilde på tips@midtsiden.no

Vi takkar alle lesarane som hjelper oss å halda innbyggarane i Os oppdaterte!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.