Opp Rødsliane klarte semitraileren å snigla seg (Foto: Andris Hamre)

Trailer på tur

Politirapport: Semitrailer i Rødsliane og semitrailer utan lys. Gymnasiast påkøyrd og sykkel funnen.

Av: Andris Hamre Torsdag, januar 26, 2012 - 11:56

Politet fekk i 14-tida melding om at ein semitrailer var på veg i Rødsliane.

- Vi hadde ikkje kapasitet til å rykkje ut, men det ser ut som om den har klart å komma seg gjennom svingane uten å settje seg fast, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen som minner om at det er begrensingar på kva biler som har lov å køyre den aktuelle strekninga.

Tidlegare på dagen fekk politiet òg ei melding om ein semi-trailer som hadde feil på lysa bak. Også denne slapp unna kontroll grunna at patrulja var oppteken med andre sakar.

Dulta borti med spegelen

Midt på dagen tysdag var ei jente på gymnaset på veg mot Rema 1000 i idrettsvegen. Utanfor Os barnehage blei ho påkøyrd av ein mørk SUV som ikkje stoppa for å høyre korleis det gjekk med ho.

- Ho kom uskadd frå hendinga. Det var truleg spegelen på SUVen som hadde vore borti ho, men jenta reagerte på at bilen ikkje stoppa og meldte frå til oss, fortel Hadler-Olsen.

Fann sykkel

Omlag ved midtnatt fekk politiet melding om at det var funnen ein henslengt sykkel i Nedre Varåsen.

- Meldaren har sag han vil koma ned på lensmannskontoret i dag med sykkelen. Førebels veit eg ikkje kva type sykkel det er snakk om, avsluttar politiførstebetjenten.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11