Næringsliv | 07. des. 2016

Trappar opp opningstidene og julestemninga

Søndagsope, langope, juleverkstad og julemarknad - sånn blir vekene i handelsstanden - og Vinmonopolet - fram til jul.

Trappar opp opningstidene og julestemninga
Næringssjef Daniel Skotheim, som tar eit tak for sentrum til ny OSF-leiar er på plass, og Silje Lygre, leiar ved AMFI Os. (Foto: Andris Hamre og Kjetil Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. des. 2016 20:50

Dei to neste søndagane, som er dei siste to søndagane i advendt (gu' kor tida går), er det søndagsope både på Amfisenteret og i Os sentrum.

Frå i morgon torsdag utvider Amfisenteret opningstidene også i kvardagane, frå måndag 12. desember gjer Os Sentrumsforening det same.

Men både sentrum og senteret har meir enn handel å by på desse vekene før jul (julaftan er på ein laurdag i år).

Vinmonopolet held nyttårsope

For første gong har Vinmonopolet i år ope på nyttårsaftan. Den blå regjeringa fekk fleirtal for dette i 2014, men tariffavtalen med tilsette var i starten eit hinder.

I år er det andre bollar: Julaftan er polet rett nok stengt, men nyttårsaftan kan du handla!

Den siste veka før jul er det langope kvar dag, ikkje berre torsdag og fredag, som elles i året.

Jula i Os sentrum

Til helga er det tid for julemarknadsdagane, siste helga før jul står gjevarglede i fokus.

Os Sentrumsforening har tilsett ny dagleg leiar, William Lindborg. Mens handelsstanden på Osøyro ventar på at ny sjef skal tiltre (i februar) har styret i OSF og næringssjefen i Os kommune, Daniel Skotheim, førebudd seg godt til jul.

– «Julekortet» er nytt i år, skaff deg eit kort, få stempel når du handlar hos medlemmane og ver med i trekninga av premiar, seier Skotheim.

Kortet, som handlar om lojal lokalhandel, har blitt ein braksuksess. OSF starta med 2000, har no delt ut 6000 og bestilt nye 2000 kort.

Nyopna skøytebane

Fredag 25. november var det julegrantenning og fakketog på Osøyro, dagen etter opna noko anna som er nytt i Os denne jula; skøytebanen på Telthusplassen.

– Skøytebanen blir open gjennom desember. Det er førebels ikkje bestemt om vi let «isen» ligga ute også etter nyttår.

Julemarknad med nissar i Borgstova

Til helga (10. og 11. desember) er det julemarknad på Osøyro. Butikkane har søndagsope, skøytebanen er open, denne helga med musikkanlegg («Let it go» står høgt på spelelista) og det blir igjen tid for julestemning i Borgstova på prestegarden.

• Møt nissen i Borgstova laurdag 14-16 og søndag 14-17
• Juleforteljing i lavvo på Kyrkjeflaten laurdag og søndag
• Juleverkstad i Kyrkjetunet laurdag kl 13 - 17
• Open kyrkje med lystenning laurdag kl 14-17

Caroling og gjevarglede

For tredje år på rad er siste helga før jul sett av til omtanke for andre, midt i julestria i Os sentrum. Os Sentrumsforening har med seg Os kommune og Os kyrkjelyd til å halda «Hjartevarme og gjevarglede».

Søre Neset Musikklag speler i gatene, Nornekoret deler seg opp i puljer og driv caroling i butikkane og det blir samla inn pengar til nokon som treng det.

Jula på AMFI Os

Amfisenteret har hatt nattope, julelystenning, Black Friday og handbakstemne. No kjem to helger med søndagsope, juleverkstad og nissebesøk.

Komande helg og neste helg er det søndagsope på Amfisenteret. Frå i morgon, 8. desember, er det dessutan ope til klokka 21 måndag til fredag.

– Nissen er her to timar for dagen laurdagar og søndagar, og alle dei tre dagane før julaftan, fortel senterleiar Silje Lygre.

Dei to siste helgene er det dessutan tre timar med juleverkstad per dag, laurdag og søndag.

Den travlaste - og koseligaste - dagen

Lygre har inntrykk av at julehandelen startar tidlegare enn før. Sånn var det i fjor, kanskje takka vera svært god handel under Black Friday, og sånn har det vore i år.

– Men 22. desember blei likevel den dagen med høgast omsetnad i fjor, som tidlegare år, og truleg også i år òg.

– To dagar seinare, på sjølve julaftan, er det òg handel. Mange av dei tilsette ved senteret kjem faktisk med ønskje om å jobba denne dagen, fordi det er ekstra koseleg stemning på sjølve julaftan. Det er ikkje hektisk og dei som handlar denne dagen plar vera i ekstra godt humør.

170.000 besøk på éin månad

AMFI Os hadde ny rekord i 2015 og ligg framfor fjoråret også i år.

– 2016 har vore eit godt år og vi gler oss over både nyetableringane, MEKK og Dyrenes Beste Venn, og dei som har flytta til nye og betre lokale, som Stadion Sport, Foss Ur og Smykker og Lysthuset.

Frå 1. til 24. desember i fjor hadde senteret 145.000 besøk, totalt i desember viser teljarane 168.000 dei fire siste vekene av året.

– Vi er takksame og glade for at så mange osingar tar ein kort handletur, at dei bruker den lokale handelsstanden, seier Lygre.

• Møt nissen: Laurdagar (kl 12-14) og søndagar (kl 15-17).
• Nissen kjem òg alle dei tre dagane før julaftan!
• Juleverkstad: Laurdagar (kl 12-15) og søndagar (kl 14-17).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.