Lokal | 24. okt. 2016

Trappar opp tunneldrivinga

E39 Svegatjørn - Rådal: Statens Vegvesen har gitt klarsignal for døgndrift i Skogafjellstunnelen frå begge sider.

Trappar opp tunneldrivinga
Vegvesenet har no gitt klarsignal til at ein kan driva Skogafjellstunnelen heile døgnet (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)
Andris Hamremandag 24. okt. 2016 10:13

Bildeserie:

13. oktober var over halve tunnelen utsprengt (ill: Statens Vegvesen)
13. oktober var over halve tunnelen utsprengt (ill: Statens Vegvesen)
1 av 1
13. oktober var over halve tunnelen utsprengt (ill: Statens Vegvesen)

Ein har no kome så langt inn i Skogafjellstunnelen frå Os-sida at Statens Vegvesen no har gitt klarsignal til at entreprenøren kan driva tunnelen heile døgnet.

– Døgndrift betyr at entreprenøren har høve til å sprenge tunnelsalver også mellom kl 22.00 og 07.00, forklarar vegvesenet i ei melding.

Mindre rystelsar for naboane

Ein har no kome så langt (per 13. oktober var 54,4% av tunnelen sprengt ut, sjå illustrasjon over) at drivinga av tunnelen ikkje lenger vil vera til like stor sjenanse for naboane.

– Når ein er komen så langt i drivinga som no på båe dei to tunnelane skjer arbeidet lengre frå næraste busetnad. Naboane i sør vil i mindre grad merka rystingar frå sprenging, og i endå mindre grad etter kvart som ein kjem lenger nordover mot Endalausmarka, forklarar vegvesenet.

Vanskelegare fjell

Området ein no har kome inn i er ei sone med meir vanskeleg fjell, noko som ein hadde forventa på førehand, men omfanget av vatn inne i fjellet har vore høgre en ein var klar over.

– Omfanget av vatn i fjellet er vanskeleg å kartlegge på førehand. Det viser seg at det har vore behov for ein god del innsprøyting av betong for å stabilisere fjellet før sprenging.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.