Tomta er rigga med informasjonsskilt og etasjehøgdene er markerte på stolpar festa til det gamle barnehagebygget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Travel vising på «barnehagetomta»

Fire tilsette fekk nevane fulle då dei viste tomta der dei vil bygga 37 leilegheiter.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars lanserte dei heimesida, torsdag var det vising på tomta der Os barnehage heldt til, og slepp på Finn.no for Konseptbygg Eiendom sitt prosjekt «Utsikten».

– Vi var to seljarar og ein assistent på plass i den nedlagte barnehagen. Dagleg leiar kom òg oppom, i utgangspunktet for å lodda stemninga, men også han måtte trø til for at flest mogleg av dei som kom oppom skulle få informasjon, seier marknadssjef Olaug M. Hauge.

På førehand hadde dei rundt 70 interessentar til dei 37 leilegheitane.

– Vi starta klokka 12. Dei første timane blei veldig travle. Nokre av dei som var oppom tidleg på dagen kom tilbake seinare, men ettermiddagen blei ganske roleg.

– Vi fekk fem reservasjonar på dagen og eg har fått mange epostar i helga, så vi er nøgde med starten og spente på responsen i vekene som kjem.

Vil bu nær sentrum

Hauge fortel at dei fleste som var innom visinga er frå Os eller nærområdet frå før.

– Nokre av dei vil gå frå einebustad til noko mindre, men ein del har allereie leilegheit, men ønskjer å bu meir sentralt.

– Utsikta lokkar, i tillegg ser det ut som om det å kunna spasera ned til Osøyro og hamna er attraktivt for mange.

Frå 2,7 til 5,1 millionar

Storleiken på leilegheitene går frå 46,5 til 85,5 kvadratmeter, med unntak av éin større på 130,5 kvadratmeter.

10 av leilegheitene har eitt soverom, 9 har tre soverom mens resten har to.

Prisane går frå 2,7 til 5,1 millionar, med unntak av den største, som har pris på 8,2 millionar kroner.