Politiet dirigerte trafikken etter at eit tre velta over Halhjemsvegen (lesarfoto)

Tre over bil på E39

Eit tre velta ved Lepsøykrysset og traff ein bil. Fleire tre har velta.

image
image
Av: Andris Hamre

Klokka 1657 melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt om eit uhell på E39 Halhjemsvegen ved Lepsøykrysset.

– Tre falt over veg. Halhjemsvegen ved Lepsøykrysset. Treet falt over/mot ein bil. Ingen skade på verken bil eller person. Politiet er på staden og driver manuell dirigering. Hjelp på veg for å få bort treet, heit det i meldinga.

Klokka 1738 meldte dei at treet var fjerna og vegen open.

– Derimot er det ein bil som har fått motorstans. Hjelp er på veg. Politiet blir på staden ei lita stund til, heiter det i oppdateringa.

Hatvikvegen var stengt

I tillegg skal Hatvikvegen vera stengt etter at eit tre velta over vegen mellom Klyva og Hatvik. Det skal òg ha ført til straumbrot, men vegen opna igjen før kl 18.20.

BKK oppmodar folk til å finna fram lommelykter, stearinlys og ved. I tillegg bør ein lada mobiltelefonane, då dei rekner med at den aukande vinden vil kunne føre til fleire straumbrot.

BKK er i beredskap og har ekstra montører klare i heile nettområdet.

Fleire tre har velta

Brannvesenet og teknisk eining i kommunen er i beredskap.

– Det var eit stort tre som velta over ledninger og veg på Hatvikvegen som blei sperra. Os brann- og redningsvesen bisto BKK med høgdereiskap for å få vekk treet utan at publikum mista straumen, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

– Det har også velta eit tre på vegen opp til Mobergslio. Dette ligg over ledningane. Teknisk eining tek seg av dette. 

– Vi har òg fått melding om at eit tre har knekt øverst i Finnebrekka. Det utgjer inga umiddelbar fare, seie Gjøsund.

Midtsiden følgjer vêret utover kvelden, saka oppdaterast. Har du bileter eller tips, send det til oss på tips@midtsiden.no