Sport | 12. okt. 2015

Tre frå Os til NM-finale

Åsane Seahawks sitt G15-lag låg under 0-13, men kom tilbake og slo Vålerenga Trolls i kampen om plass i NM-finalen.

Tre frå Os til NM-finale
Lauritz Lekven, René Breivik (oppe til venstre) og Sindre Husa Kaland (nede til venstre) er klare for NM-finale med Åsane Seahawks. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. okt. 2015 13:04

I helga var siste runde i gruppespelet og Åsane Seahawks sitt gutar 15-lag såg ut til å måtta gje opp plassen i NM-finalen.

– Det var som om vi brått forsto alvoret, kva som sto på spel, og byrja å konsentrera oss betre. Du må halda hovudet kaldt for å gjera det bra i amerikansk fotball, det er litt som sjakk, seier Lauritz Lekven (15).

Han har trent amerikansk fotball i 3-4 år og er ein av tre Os Wolverines-spelarar som speler G15-serie med Åsane Seahawks.

Kampen snudde dei frå 0-13 til siger 20-13.

Sjå heile kampen på YouTube.

No skal Lauritz, saman med osingane René Breivik, Sindre Husa Kaland og resten av Seahawks spela NM-finale på Jordal i Oslo til helga.

Med coach frå Os

Sjølv har Lekven utvida ansvar ettersom han speler quarterback. Ordrane får han frå trenar Alexander Moberg Brinchmann-Hansen, som òg er frå Os.

– Alexander er veldig flink. Vi bruker noko vi kallar wristcoach, som eit skjema eg har på armen, så når han gjev med kodar så veit eg kva eg skal seia vidare til dei andre at vi skal gjera, forklarer Lauritz.

Alexander skryter av laget, og av dei tre osingane han har med seg til Åsane.

– Dei er veldig motiverte og kvir seg ikkje til å reisa to-tre dagar i veka til Åsane for å trena.

– Dei har òg gjort det veldig bra i serien i heile år, seier trenaren.

– Det blir kjekkare og kjekkare

Lauritz sine besteforeldre er frå Os, men faren blei fødd mens besteforeldra budde i USA, og er amerikansk statsborgar.

– Pappa har også budd og jobba i USA, og frå eg var liten har han følgt med på amerikansk fotball. Det har smitta, no ser eg alt eg rekk å sjå av NFL-kampar, og det hjelper når du sjølv er aktiv spelar.

– I starten var det litt uvant for det var ein del reglar å læra seg. Men det blir berre kjekkare og kjekkare både å trena og spela.

Ved sidan av trening i Åsane trener Lauritz, René og Sindre med Wolverines på Kuventræ kvar tysdag.

– Vi er rundt 10 juniorar som trener på Os. Det hadde vore kjekt om vi blei endå fleire. Med samarbeid med Åsane har vi eit godt seniorlag å strekka oss etter, seier Lauritz, som har mål om å spela i 1. divisjon når han blir senior.

Tøff finale i vente

I finalen laurdag skal dei spela mot Eidsvoll 1814. Eidsvoll 1814 var det andre laget dei møtte denne helga, og då var Åsane sjanselause.

– Vi tapte 6-46. Dei var gode og stilte med nesten 30 spelarar, ei rein offence-gruppe og ei rein defence-gruppe. Vi hadde 13 som spelte både angrep og forsvar.

Quarterbacken frå Os seier han likevel går for siger.

– Vi stiller med litt fleire spelarar og ny taktikk på laurdag. Sjølv om Eidsvoll er gode skal vi kjempa for å ta NM-gullet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.