Sport | 08. jan. 2018

Tre frå Os tok fem gull i KM

Mons Martin og pappa Jan Borgen tok to gull kvar - Kristine Moberg sette klubbrekord med eit hopp 3 cm bak noregsrekorden.

Tre frå Os tok fem gull i KM
Mons Martin Borgen tok gull i begge øvingane søndag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. jan. 2018 08:27

Bildeserie:

Kristine Moberg vann gull i lengde utan tilløp. (Privat foto)
Kristine Moberg vann gull i lengde utan tilløp. (Privat foto)
Jan Borgen, her i KM veteran utandørs på Kuventræ i 2017. (Foto: KVB)
Jan Borgen, her i KM veteran utandørs på Kuventræ i 2017. (Foto: KVB)
1 av 2
Kristine Moberg vann gull i lengde utan tilløp. (Privat foto)
Jan Borgen, her i KM veteran utandørs på Kuventræ i 2017. (Foto: KVB)

I helga blei kretsmeisterskapen i hopp utan tilløp arrangert i Laksevåghallen.

– Vi var tre deltakarar frå Os, fortel veteran Jan Borgen.

I tillegg til veteranen Jan (klassen 70 - 74 år) var to seniorar med; Mons Martin Borgen og Kristine Moberg.

Til saman tok dei tre utøvarane fem gull. Nokre av resultata var dessutan svært gode.

Kristine var 3 cm frå noregsrekord

Kristine Moberg deltok i lengde utan tilløp og vann klassen.

– Ho hoppa 2,89 meter. Dette er ny klubbrekord og blant det beste som er hoppa i Noreg, berre 3 cm frå noregsrekord, fortel Jan.

Annelin Mannes har noregsrekorden på 2,92 m.

Tredje beste gjennom tidene

Jan Borgen deltok i både lengde og høgde (begge utan tilløp).

Han hadde lett match og vann begge øvingane med resultata lengde 2,39 m og høgde 1,20 m.

1,20 m i høgde skal vera det 3. beste gjennom tidene i Hordaland krets i denne veteranklassen.

Luktar på ny pers

Mons Martin Borgen er òg i form på nyåret.

Han tok gull i både lengde og høgde med 3,03 m lengde og 1,55 m i høgde.

– 3,03 mer litt bak pers, mens han tangerte sin personlege rekord med 1,55 m. Mns Martin hadde òg nokre fine forsøk på 1,60 m, fortel pappa og klubbkamerat Jan Borgen.

Her ser du video av Kristine og Mons Martin sine vinnarhopp:

Kristine Moberg og Mons Martin Borgen KM 2018 from Midtsiden on Vimeo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.