Sport | 02. apr. 2014

Tre frå Os vann med Fyllingsdalen

For ei god veke sidan vann dei Åsane Cup, søndag vann dei finalen i vinterserien.

Tre frå Os vann med Fyllingsdalen
FK Fyllingsdalen G13, med tre spelarar frå Os, vann både Åsane Cup og vinterserien. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. apr. 2014 07:48

Medan Lysekloster G13 gjorde reint bord i B-sluttspelet i vinterserien var éin Lysekloster-spelar og to Os-spelarar med på å vinna A-sluttspelet i vinterserien med FK Fyllingsdalen.

Fyllingsdalen vann dei tre første kampane i mellomspelet 18-3, 9-1 og 14-3. Finalen gjekk mot Djerv 1919 søndag, den vann Fyllingsdalen 5-0.

Helga før vann same laget 6-0 over Bergen Nord i finalen i Åsane Cup

På hospitering

Knut Jordal frå Lysekloster, veslebror til A-lagskaptein Johannes Jordal, er fødd i 2002, Ole Martin Lekven Kolskogen og Tobias Nøss i 2001.

Dei tre talenta har vore på hospitering hos Fyllingsdalen i vinter og var del av troppen til satsingslaget til Fyllingsdalen både i Åsane Cup og i vinterserien, men skal etter det Midtsiden kjenner til spela med eigne lag i serien.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.