På vei til Dyranut med Hardangerjøkulen i bakgrunnen (foto: Trygve Berntzen)

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image

Tre har blitt to

Noreg til fots: Patrik skilte lag med Jon og Trygve på Haugastøl. Dei to siste er klare for jakt på Hardangervidda frå i morgon. Sjå stor bildeserie frå turen.

Av: Andris Hamre

Det er verken gnisningar i gruppa eller uvennskap som gjer at dei tre no har splitta seg opp i to.

– Då vi kom til Haugastøl møtte Patrik (Søreide, journ.mrk) sambuaren sin som hadde ei veke ferie. Det blei dermed til at dei to gjekk vidare i lag, medan Jon (Espevik, journ.mrk) og eg fortsatte til Ustaoset kor vi møtte vener og kjende.

– Om vi slår oss saman igjen etter jakta, eller om Patrik rusler det siste stykket til Lindesnes på eigenhand er ikkje bestemt enno. Han blei jo utan jobb etter Ungdoms-OL, så han er ivrig etter å komma seg ut på arbeidsmarknaden igjen, fortalde Trygve Berntzen då Midtsiden snakka med han tidligare i veka.

Då var han og Jon kome til Dyranut og hadde to korte dagsmarsjar til Litlos, kor dei møter resten av jaktlaget på 5 personer. 

Overraskende bra

Turen som har gått frå Os i Østerdalen, kor karane var sist Midtsiden snakka med dei har gått over all forventning.

– Vi var jo nede for telling med det vi trur var matforgiftning dei første dagane, så då gjekk vi på veg frå Os til Alvdal via Tynset. Det var vel ikkje akkurat den mest spennande turen innimellom alle furuleggane, men det var greitt å få nokre lettere marsjer med den formen vi hadde.

– Utover det har turen gått overraskande bra. Det har nesten gått for mykje på skinner, ler Trygve.

Kryssa Rondane på ein dag

Frå Alvdal har dei gått inn i Alvdal Vestfjell og vidare austover gjennom Rondane, som dei kryssa på ein dag. Frå Rondvassbu gjekk turen vidare retning Otta.

– Til Otta kom vi sein på kvelden. Der viste det seg at det ikkje var berre enkelt å finna overnattingsplass, så det endte med at vi la oss til å sova utanfor ungdomsskulen. Det gjekk heilt fint det og vi fekk ligga i fred.

Betre middag og vask på Beitostølen

Frå Otta helt karane fram mot Bessheim i eit skikkeleg regnvêr.

– Det var ikkje ein ting på oss som var tørt. Heldigvis møtte depotsjefen oss der og tok oss med til ei leilegheit dei hadde leigd på Beitostølen kor vi fekk vaska klea. Det var ikkje mykje fungerande membran igjen i dei etter så mange dagar på tur.

– I tillegg blei det eit betre måltid med lammelår og tilhøyrande egna drikke, fortel Trygve.

Droppa Besseggen

Etter å ha tørka opp og fått i seg maten blei dei tre køyrd tilbake til Bessheim før turen held fram vidare mot vest.

– Det dårlege vêret gjorde at vi droppa Besseggen og i staden gjekk langs Gjende frå Gjendesheim til Memurubu. Derfor blei det ryggen til Gjendebu. Sjølv om det var lågt skydekke og ruskevêr fekk vi nokre gode bilder over eggen.

Gjekk i snø

Vel framme på Tyinkrysset fekk gutane proviantert på nytt og før dei traska vidare via Sulebu til Breistølen fjellstove.

– Då var vi komen til 10. august og det var berre 2 grader ute og meldt snø. Og den kom. I det vi gjekk ut av døra på Breistølen begynte den å lava ned, så det blei ein kald tur vidare vestover.

Mykje god lokalmat

Dei tre har stort sett nytta seg av turistforeningen sine hytter på denne etappa. Mange av dei betjente.

– Det er jo luksus, med trerettars middag og greier. Dei er utruleg gode til å ha fokus på lokal mat og lokale råvarer på hyttene, fortel Trygve.

To kviledager

Etter å ha skilt lag med Patrik på Haugastøl held dei to andre fram til Ustaoset kor dei førre helg møtte vener og kjende.

– Det blei to trivlege kviledager kor vi lada batteria. I tillegg bytta vi ut telt, sovepose og liggeunderlag med jaktutstyr. Det einaste vi ikkje ber på no er våpna. Dei kjem jaktlaget med når vi møter dei på Litlos. Eg trur faktisk ikkje vi har hatt så tunge sekker som vi har no. Difor er det jo greitt at det er relativ korte dagsetapper vi har. Etter at vi forlot Ustaoset har vêret vore heilt strålande. Det har vore shorts og baris, noko vi følte vi fortente no.

Spent på jakta

Laurdag starter altså turens store høgdepunkt for Trygve og Jon. Reinsdyrsjakt på Hardangervidda.

– Vi er eit jaktlag på 5 personar som i år har løyve på 20 dyr fordi det har vore låge uttak dei siste åra. Forhåpentlegvis får vi treff ganske raskt, men det er slik vi ikkje veit. Det kjem mykje ann på vindretningen. Dyra beveger seg nemleg mot vinden. Slik vêrmeldingane har vore, så har det vore vestavind, så vi har gode forhåpningar om at det skal stå dyr i området vi skal jakte.

– Vi får sjå det litt ann. Vi kjem til å spørre alle vi møter inn mot Litlos om dei har sett dyr. Er det ikkje dyr i området kan det vera at vi går vidare ganske raskt og heller kjem oppatt seinare. Eg trur vi gjev oss sjølv pluss/minus ei veke før vi går vidare mot Lindesnes, seier Trygve.

Skjønner ikkje at det har gått 90 dager

Då vi snakka med Trygve hadde dei vore ute på tur i 90 dager. 

– Når ein ser tilbake på dei nitti dagane så er det nesten ubegripelig at vi har vore vekke så lenge. Tida har gått veldig fort. Om det er andre som vurderer å gjera noko tilsvarande, så er det berre å gjera det. Eg kan anbefale det, avslutter Trygve Berntzen.

Siste etappa frå Litlos til Lindesnes reknar dei med å bruke omlag 10 dagar på.

Les alle rapportane på Midtsiden si samleside