F.v.: Anna, Karoline og Nora er tatt ut i den første kretstroppen til 2004-årgangen.

Tre jenter frå Os tatt ut på kretsen

Anna Rød og Karoline Louise Hevrøy får med seg eitt år yngre Nora Blindheim Nøss.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går kom uttaket til kretslaget for jenter 14 (fyller 14 neste år), det første uttaket for 2004-årgangen.

I uttaket er det heile tre spelarar frå Os.

Anna Rød og Karoline Louise Hevrøy er tatt opp frå '04-årgangen, saman med lagvenninna Nora Blindheim Nøss, ein av to i troppen på 22 som er eitt år yngre.

– Dette er stort! Eg veit ikkje kor tid Os sist hadde heile tre jenter frå same lag i eitt uttak. Eg vil gratulera jentene med plassen og ønskja dei lykke til, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

– Dei er del av eit godt lag, leia av Robert Nøss og Kjetil Lyssand Lindbom, og det er fleire spelarar som var nær uttak, ikkje minst Hedda Lindbom, som var med i siste runde, og som kanskje kan kjempa seg inn i seinare omgangar.

Gode eigenskapar

Brenne seier han kjenner dei tre spelarane frå treningsfeltet, også frå fleire ulike fotballskular som han har vore med og leia.

– Anna speler mykje forsvar, og er moden og kompromisslaus i måten ho speler på. Karoline, som kom til Os fr Nore Neset før sesongen, er spesielt god éin mot éin og har eit strålande skot med ein god venstrefot.

– Nora har deltatt på alt som har vore av tilleggstilbod og aktivitetar. Ho er både teknisk, rask og smart, i tillegg er ho utruleg tøff mot fysisk sterkare motstand, fødd i november eit år etter dei andre.

Laget dei tre jentene speler på vann nyleg 1. divisjon J13 og skal spela KM-finale 19. november.

Her er heile kretslagsgruppa for J2004:
Anna Rød, Os
Bettina Tøsse Solli, Sædalen
Hanne Åsheim Tufta, Valestrand/Hjellvik
Ina Renathe Wangen, Olsvik
Karoline Louise Hevrøy, Os
Kristi Haugland, Hundvåkøy
Lea Seh Skauge, Kvernbit
Linnea Vestbøstad, Fitjar
Lise-Lotte Anglevik Lerø, Follese
Maria Østervold, Hundvåkøy
Mathilde Eiken, Gneist (keeper)
Mira Hannisdal Nilsen, Eikelandsfjorden
Nora Bergan, Osterøy
Rønnaug Herre, Voss (keeper)
Thea Rysjedal, Åsane
Tuva Gram Økland, Trott
Vida Dybevåg Tveit, Bjarg
Vilde Levin Bucher Johannesen, Eidsvåg
Vilde Marie Viksøy Pedersen, Follese
Vilde Tysnes, Bønes

Frå 2005, hospitert opp:
Amalie Mørner, Olsvik
Nora Blindheim Nøss, Os

Frå 2005, hospitert opp, keeper:
Nathalie Lillefjære-Tertnes, Bønes
Savannah Duffy, Åsane

Oppstart og første trening blir måndag 20. november, ifølgje fotball.no