Tre jenter og ei kvinne var involvert i ulykka på Skeie søndag kveld. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no, foto: Christoffer Vernøy)

Tre jenter på mc kolliderte med bil

Ein bil som ikkje overheldt vikeplikta fekk både moped og motorsykkel inn i sida.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag klokka 19.09 fekk Midtsiden tips om ulykke på Skeie.

Ein bilist på veg mot Grindavoll, som skulle opp til Skorvane, oppdaga ikkje at det kom moped og motorsykkel imot.

Både mopedist og dei to på motorsykkelen er jenter. Alle skal ha flaksa over bilen i samanstøyten.

Også bilførar, som hadde vikeplikt, er ei kvinne.

Ingen blei alvorleg skadd

Ambulanse, politi og brannvesen var på staden.

Midtsiden har ikkje lykkast med å få tak i politiet, men brannsjef Stein Gjøsund opplyser at det ingen blei alvorleg skadd.

– Jentene hadde naturlegvis hjelm, og var heldigvis også godt kledd med køyredressar, seier Gjøsund.

OPPDATERT: Politiet fortel at bilførar, ei kvinne i pensjonistalder, er meldt og at det er tatt beslag i førarkortet hennar.