Sport | 15. apr. 2018

Tre mål av innbytar Østervold

Lysekloster-Varegg 5-0: Toppskåraren frå 2017 fekk hol på byllen.

Tre mål av innbytar Østervold
Kristoffer Østervold. (Arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. apr. 2018 07:10

Lysekloster - Varegg 5-0 (1-0)
Lysekloster: Kjetil Hansen - André de Matos, Eirik Rode, Mats Walberg, Thorvald Trætteberg, Mohammad Rahmani, Rune Mo, Vladan Radojkic, Truls Hovland, Martin Pedersen og Even Vetås.
Innbytarar med speletid: Kristoffer Østervold, Niklas Fosen, Marcus Thormodsen og Stian Dyngeland.

Lysekloster starta serien på beste vis laurdag, med heimekamp og 5-0-siger i strålande sol.

– Kampen blei ei trening på angrep mot etablert forsvar. Ikkje før vi tidleg i andre omgang auka til 2-0 våga dei seg frampå litt, og då fekk vi store rom å jobba i, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Opprykksfavorittane tok ikkje leiinga før i siste speleminutt av 1. omgang, men auka til 2-0 og 3-0 i 51. og 57. minutt.

Tre målskårarar

Det var Mohammad Hasan Rahmani som skåra kampens første mål. Kristoffer Østervold, som skåra 20 mål for Lysekloster i fjor, kom ikkje innpå før i 42. minutt.

– Vi har hatt ein del sjukdom og skade i stallen den siste halvanna veka, men eg fekk friskmeldt ein del fredag. Eg starta med dei som har trent godt dei siste vekene, men då Vetås måtte ut med noko eg håper var krampe og ikkje strekk fekk Østervold koma innpå.

– Han fekk pluss i boka, spelte litt over ein omgang, men skåra likevel tre mål.

Østervold sette inn 2-0, 3-0 og 5-0, det siste på straffe på overtid. Trætteberg sto for 4-0-målet.

Sterk forsvarsrekke

Ved sidan av å framheva toppskåraren er Ruben nøgd med eiga forsvarsrekke.

– Walberg, Trætteberg og Matos gjorde ein ekstremt god jobb.

– Dei var gode i offensiv markering, stoppa mykje, starta fleire gode angrep og gjorde at angrepsspelarane fekk så mykje å jobba med som dei gjorde.

Lysekloster segla med 5-0-siger rett til topps på tabellen.

Andre resultat frå første serierunde i 3. divisjon:
Sotra - Stord 3-0
Tertnes - Fana 2-1
Øystese - Fyllingsdalen 0-4
Brann 2 - Viking 2 3-6
Brodd - Førde 2-0

Lysekloster speler neste kamp borte mot Viking 2 laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.