Lokal | 06. mars 2018

Tre menn braut besøksforbod på same dag

To av dei hadde besøksforbod mot kvarandre.

Tre menn braut besøksforbod på same dag
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. mars 2018 08:18

Måndag i 14-tida fekk politiet melding om bråk i ein bustad i Kuvågen.

– Då vi kom fram var det roleg på staden, men i bustaden var to menn som har besøksforbod mot kvarandre, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dei to er i 40- og 60-åra.

– Det har tidlegare vore fleire valdsepisodar mellom dei to. Han som ikkje bur der blei sendt i marsj og begge blir meldt for brot på besøksforbod.

Oppsøkte ekskjærasten

På kvelden måndag, i 19.30-tida, fekk politiet melding om eit anna brot på besøksforbod.

Etter brot mellom eit par i 20- og 30-åra blei mannen i forholdet ilagt besøksforbod.

I går oppsøkte han ekskjærasten.

– Då patruljen kom til staden var han vekke frå eigedomen, men vi møtte han i nabolaget. Han blir meldt for brot på besøksforbod.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.