Sport | 03. juli 2014

Tre poeng frå toppen

Med uavgjort blant topplaga og firemålssiger på bortebane tok Os i kveld eit tigersprang oppover på tabellen før ferien.

Tre poeng frå toppen
Anders Kinden spelte frå start og skåra to i dagens bortekamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juli 2014 20:10

Os slo Smørås 4-0 på bortebane då dei torsdag kveld runda av vårsesongen.

– Vi skåra fire og skapte eit hav av sjansar. Dani heada over, Anders skaut på innsida av stanga og Mats var to gongar åleine med keeper.

– Men det var endå kjekkare at vi heldt nullen, seier trenar Jørn Vegard Berge.

Smørås - Os 0-4 (0-2)
Målskårarar: Anders Kinden (1-0 og 3-0), Stian Lunde (2-0) og Roar Vestbø (4-0).

Anders Kinden, som har vore ein del plaga med skade, spelte frå start og skåra to mål. Roar Vestbø, som nyleg har hatt eit kortare skadeopphald, skåra også og Stian Lunde hamna på skåringslista for fjerde kamp på rad.

– Det var ekstra kjekt å sjå Kinden gjera det så bra. Han er ein veldig god spelar som dessverre har fått fleire sesongar redusert grunna skade.

Os hadde Mats Lepsøe ute i karantene og Børge Borgen ute med skade. I tillegg er Torkel Hjertnes framleis i Brasil og ser på fotball-VM.

Joakim Hovden fekk sin debut for A-laget til Os og den talentfulle 16-åringen Knut Spangelo Haga var med i troppen.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Stian Bakke (Ørjan Glesnes), Emilis Zilinskas, Dani A. Bergstø, Glenn Krossøy - Håkon Kvittingen (Joakim Hovden), Stian Lunde, Anders Kinden (Roar Vestbø) - Mats Cato Moldskred, Erik Kanestrøm og Christer Olsen.

Tre poeng frå toppen

I tillegg til å ta sin andre bortesiger på rad kan Os gle seg over at det blei poengdeling både i Sotra - Lysekloster, Bjarg - Frøya og Vadmyra - Lyngbø.

Dermed er Os 3 poeng bak serieleiar Sotra og 2 poeng bak Lysekloster og Bjarg.

Fyllingsdalen og Odda ligg på 4. og 5. plass og speler mot kvarandre i 13. runde.

43 mål på 13 kampar

Os har skåra mest i avdelinga denne våren (før dei to siste kampane i 13. runde er spelt).

Men dei har også sleppt inn mykje, heile 30 mål.

– Vi har klart det vi prøvde på i vinter, å bli eit lag som speler god og underhaldande fotball. Å skåra 43 mål med den dårlege utteljinga vi har hatt er veldig bra.

– Å redusera baklengsmåla bør vi klara, det er ikkje så vanskeleg som det ville vore om vi sleit med å skapa sjansar.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.