Sport | 05. mai 2009

Tredje strake for Os 2

Andrelaget til Os har berre sleppt inn eitt mål til no denne sesongen.

Tredje strake for Os 2
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mai 2009 07:34

Bildeserie:

1 av 2

Os 2 spelte bortekamp mot Bremnes måndag kveld. Os skåra i første og andre omgang, og keeper Kjetil Hansen heldt buret reint også i denne kampen.

- Kjetil var veldig god i går også. I tillegg fekk to av dei som jobba hardast løn for innsatsen, i form av kvar si skåring, seier trenar Tore Nielsen.

Erik Kanestrøm sette inn 1-0 i 29. minutt, etter eit flott, innøvd angrep. Christer Olsen auka til 2-0 i 66. minutt.

- Christer tok ballen på midtbanen og kjempa seg fram til mål heilt åleine. Imponerande jobb og flott skåring, seier Nielsen.

Tar andrelaget på alvor
Os 2 står med 6-1 i målforskjell etter dei tre første kampane. Men det trenaren synes er kjekkast, er at spelarane yter sitt beste, også på andrelaget. Dei veit at prestasjonar for Os 2 kan gje billett til A-laget, og det viser igjen innsatsen.

- Det er også imponerande å sjå ungdomane spela som om dei har fleire år bak seg i 4. divisjon. Fleire av dei har knapt spelt juniorfotball, seier Tore Nielsen, og nemner innbytar Kristoffer Sande som ein av dei unge som gjorde god figur mot Bremnes.

Desse spelte frå start (4-3-3): Kjetil Hansen, Anders Glesnes, Vegard Borgen, Baste Jonassen, Mats Lepsøy, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Aleksander Lindkvist, Ramo Racic, Sven Lyssand og Christer Olsen.

Byte: Kristoffer Sande inn for Jonassen (65), Sondre Samdal inn for Lyssand (68), Martin Eidsvik inn for Racic (75) og Benjamin Holme inn for Lindkvist (75).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.