Sport | 17. sep. 2016

Tredje tap på rad

Fyllingsdalen slo Lysekloster på Varden laurdag ettermiddag. – Ein tung dag, seier Sandal.

Tredje tap på rad
Lysekloster skapte greit med sjansar, men klarte berre skåra eitt mål på bortebane i dag. (Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. sep. 2016 16:24

Etter å ha klart seg bra, men tapt for topplaga Nest-Sotra og Florø spelte Lysekloster borte mot Fyllingsdalen i dag.

Fyllingsdalen har fire tap på rad og berre to lag under seg på tabellen før dagens kamp, men starta sterkt.

Heimelaget skåra både i 1. og 7. minutt. 2-0 sto seg til pause.

– Vi er ikkje gode nok i lokaloppgjeret, rett og slett ikkje på når kampen startar, det einaste vi hadde fokus på før kamp, fortvilar Thomas Sandal.

– 1-0 kom på dødball fordi vi rett og slett ikkje gidd å markera, det synest eg er for dårleg på eit A-lag i 2. divisjon.

Rask redusering av Olsen

Christer Olsen reduserte til 2-1 tolv sekund etter at han kom innpå i 59. minutt, men Fyllingsdalen auka til 3-1 før slutt.

– I andre omgang kom det seg og spelemessig er vi på høgde. Vi er òg åleine med keeper tre gongar, men her var Fyllingsdalen-keeperen god.

Fyllingsdalen - Lysekloster 3-1 (2-0)
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Ljubovic - Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Joshua Philip Pritchard - Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland og Sebastian Holmqvist.
Innbytarar med speletid: Oliver Kirk Larsen og Christer Olsen.

Lysekloster ligg no på 7. plass med 30 poeng.

I neste runde (laurdag 24/9 kl 16) speler dei heime mot Stord på 11. plass.

Tabell og terminliste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.