Sport | 21. mai 2015

Trekker andrelaget sitt

Lysekloster har ikkje mannskap nok til to lag. Os 2 tener på situasjonen.

Trekker andrelaget sitt
Lysekloster 2 slo Os 2 på Kuventræ, men no blir dette og resten av resultata sletta. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2015 11:32

Lysekloster stilte til seriestart med herrelag i både 3. og 5. divisjon, men har no valt å trekka laget sitt.

– Det stemmer. Vi har dessverre ikkje nok spelarar til to lag, stadfestar leiar i Lysekloster IL, Svein Kollen.

Han viser vidare til A-lagstrenar Ørjan Sandal for yttarlegare informasjon.

– Hadde ikkje noko val

Sandal seier den samla troppen endra seg ein del i månadane fram mot seriestart.

– Vi mista ein del spelarar i løpet av vinteren. Då vi også fekk nokre skadar på dei i A-stallen hamna vi i ein situasjon der vi i kamp etter kamp måtte ringa inn tidlegare spelarar.

Dei eldste Lysekloster-spelarane i gutar aldersbestemt er 13 år og for unge til å bidra.

– Kva betyr dette for kamptilbodet for dei eksisterande spelarane?

– Sånn det er no så har vi ikkje, med unntak av keeperane, fleire enn vi treng til A-laget. Vi hadde sjølvsagt håp om å halda på andrelaget, men no hadde vi dessverre ikkje noko val lenger.

Os 2 tener på situasjonen

Laurdag såg vi A-laget til Os bli snytt for eitt poeng ved feilaktig annulering av ei skåring av Emil Halver. Linjemannen som vinka offside er frå Lysekloster IL.

Denne gong tener Os på Lysekloster. Dei to andrelaga er i same avdeling og Lysekloster 2 tok ein historisk 0-4-siger på Kuventræ.

– Lysekloster 2 hamnar nedst på tabellen og må starta i 6. divisjon om dei melder seg på med eit lag nummer 2 i herreklassen neste år. Klubben får 8000 kroner i bot og alle kampane blir annulert, opplyser Hordaland fotballkrets.

– Raude kort og karantene blir ståande, men åtvaringar og gule kort blir også sletta.

Os 2 får styrka målforskjellen med 4 mål og tre lag som har slått Lysekloster 2 mister 3 poeng og målforskjell. Dette er Ask på 8. plass, Askøy på 1. plass og Norheimsund på 2. plass.

Os 2 klatrar med det frå 4. til 3. plass og ligg 1 poeng frå toppen.

SJÅ TABELL (i skrivande stund ikkje oppdatert med fjerning av resultata til Lysekloster 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.