
Trekte båt-vinnar
Os Turn Fotball sine små og store medlemmar har i løpet av sommaren selt lodd for rundt 60.000 kroner. Premie: Ein Askeladden 2210, den nostalgiske «originale» modellen, med 9,9 hk Suzuki.
Premien har ein verdi på 54.000 kroner.
- Vi er veldig glade for gåva frå Askeladden Boats, og for den flotte innsatsen ungane i klubben har gjort med loddsalet, seier A-lagstrenar og dagleg leiar Frank Hellevik.
Spennande dag
Fredag var det trekning av vinnar utanfor Os Rådhus. Kultursjef Lisbeth Axelsen stilte opp, sa eit siffer (15, som er bursdagen hennar) og trekte opp ei av dei 100 loddbøkene.
I morgon cirka klokka 16.50, i pausen i heimekampen mellom Os og Fana, blir vinnaren ropt opp.
- Det blir ein spennande kamp mot Fana i morgon. Gjestane, som ligg på botnen av tabellen, kjem nok til å ha full tenning, trur Frank.
At det er opprop av vinnar i tillegg gjer dagen ekstra spennande for publikum.
- Ein kjekk måte å gje på
Askeladden-fabrikken har støtta idretts- og kulturlivet i bygda i mange år, av og til med pengar, av og til med varer. Då Os Turn Fotball spurte Askeladden Boats AS, selskapet som fekk fabrikken på beina igjen etter konkursen i finanskrisa, om vidare sponsing, fekk dei ein båt.
- Eg synes dette er ein fin måte å gje på. For det første så er det ein gåve som kostar oss mindre i forhold til kva klubben eller laget får, for det andre så skapar det aktivitet, dei må yta litt for at det skal ha høg verdi, seier dagleg leiar Henrik Askvik.
Same startellevar - ulik kamp
Etter ein fortent 4-0-siger over Frigg for ei veke sidan har Hellevik sett op dei same 11 frå start.
- Men dei som trur at det berre er til å spela som sist må tru om igjen. I morgon møter vi eit lag som kanskje har sin siste sjanse til å halda seg i divisjonen. Det blir ein fysisk hard kamp på ein våt bane.
Desse speler frå start:
Halvard Enes, Anders Glesnes, Dani Alvær Bergstø, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Torkel Hjertnes, Frode Buvik, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg og Daniel Kalstad.
På benken:
Kjetil Hansen, Mats Lepsøe, Martin Eidsvik, Preben Borgen, Ramo Racic, Christer Olsen og Tim Henrik Sperrevik.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
