Sport | 21. nov. 2016

Trener som ein proff i Spania

Keepertalentet Mikal Kirkevik Brekke er i gang med sitt ni månadar lange opphald hos Mallorca Toppfotball.

Trener som ein proff i Spania
– Eg har blitt mykje betre med beina, seier Mikal etter dei første tre månadane på Mallorca. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. nov. 2016 11:42

Bildeserie:

Spelarane frå Noreg trener 3-4 timar for dagen, éi av øktene er på denne banen. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Spelarane frå Noreg trener 3-4 timar for dagen, éi av øktene er på denne banen. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Dagane startar med trening på stranda. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Dagane startar med trening på stranda. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Mikal har blitt betre med beina, men får òg nokre ballar han må strekka seg etter. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Mikal har blitt betre med beina, men får òg nokre ballar han må strekka seg etter. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Mallorca Toppfotball har gode fasilitetar å by på. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Mallorca Toppfotball har gode fasilitetar å by på. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Dei 16 norske ungdomane speler kampar i spansk serie. (Foto: Mallorca Toppfotball)
Dei 16 norske ungdomane speler kampar i spansk serie. (Foto: Mallorca Toppfotball)
1 av 5

Mikal K. Brekke fyller 19 år i desember. Då han på forsommaren var ferdig på gymnaset gjekk turen rett vidare til sommarjobb før avreise til ni månadar opphald hos Mallorca Toppfotball.

– Det var hausten 2015 at Leif Tsolis tok kontakt og sa at han hadde høyrd om meg, og lurde på om eg kunne vera interessert i å delta på eit proffakademi. Akkurat då sa eg at det høyrdes heilt urealistisk ut, fortel Mikal.

Men så tok han ein prat med pappa, Stig Brekke, som òg var Mikal sin fotballtrenar då han som 5-åring byrja på Søre Neset IL.

– Vi fann ut at dette passa bra, sidan eg ikkje hadde bestemt meg for kva eg vil studera etter gymnaset, og sidan eg alltid har hatt ambiasjonar og å bli fotballproff.

– Eg måtte jobba i heile sommar for å tena pengar til opphaldet, men mesteparten er det foreldra mine som betalar, legg han til.

Startar dagen på stranda

I starten på september starta Mikal hos Mallorca Toppfotball i Alcudia, der han no lever som ein heiltidsspelar, og i tillegg til hardtrening speler i spansk serie.

– Førsteinntrykket av Mallorca var ikkje veldig bra. Vi budde ikkje der eg trudde vi skulle bu og vi trente ikkje så hardt som eg hadde sett for meg.

– Men inntrykket mitt no er mykje betre. Vi flytta til eit strandhotell med fantastiske fasilitetar og vi trener 3-4 gongar for dagen.

Dagen startar på stranda, der spelarane trener fart og spenst frå klokka 7.30 om morgonen. Så er det frukost og kvile før neste økt, frå klokka 10.30 og opptil 3,5 timar fram.

– I tillegg trener vi styrke på kvelden, der vi har fått program, men styrer tida sjølv.

– Trenaren vår er veldig streng på tidsfrister, så det blir ein del straffetrening på heile laget når éin er for sein. Desse straffeøktene er både tunge og irriterande, sidan alle blir straffa for éin som er sein.

Kultursjokk i kamp

Mallorca Toppfotball er meldt på i spansk liga og Mikal synest det første møtet med spanjolane var tøft.

– Det var eit kultursjokk! Dei er mykje meir rutinerte og smarte enn oss i spelestilen, og dei er veldig gode på å halda på ei leiing. Dei er meir pinglete enn oss, så vi lager ein del frispark og får litt gule og raude kort.

Det er 16 norske spelarar på Mallorca Toppfotball sitt herrelag, 5 av dei frå Hordaland.

– Vi tapte første kamp, men no har det kome seg. Førre kamp vann vi 5-0!

Best med beina

Brekke gjekk frå Søre Neset til Os som 12-13-åring.

– Der spelte eg med 96-årgangen, som utgjorde eit veldig bra lag, og som blei leia av Bjørn Mjelva.

Etter at Mikal var skadd i 7 månadar fekk han problem med å koma tilbake i A-lagsgruppa, og gjekk då vidare til Lysekloster.

– Eg blei mottat av ein gamal kjenning frå Os, keepertrenar Ketil Elvenes, som saman med dei andre gode keeperane i klubben har klart å utvikla meg mykje på to år.

– Kva har du utvikla deg mest på i løpet av desse knappe tre første månadane på Mallorca?

– Pasningsspelet mitt og eigentleg alt med beina. Eg er den einaste keeperen her nede, så det er lite keepertrening. Eg er med på alt det utespelarane gjer og så står eg i mål når dei øver på avslutting.

– Kva gjer du på fritida?

– Vi gjer faktisk ingenting. Vi er så slitne at vi orkar ikkje gå ned på stranda ein gong.

– Er det noko du saknar frå heimlandet?

– Eg gler meg mest til å eta skikkeleg middag. Vi har ikkje steikeomn, så det blir mykje kjøttdeig og pasta. Vi skal heim til jul, men berre 2,5 veker, då skal det bli kjekt både å møta familie og venar, og å eta god mat!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.