Kultur | 23. apr. 2015

Treng 350 frivillige

Osfest er allereie godt over halvvegs. – Fredag slepp vi dei tre siste artistane under frivilligsamlinga i Oseana. Kom og bli med, oppfordrar Tor Egil Hylland.

Treng 350 frivillige
Silvio Reisch var ein av dei mange som gleda seg over å vera frivillig under fjorårets festival (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 23. apr. 2015 07:58

Under den første festivalen i fjor hadde dei 310 frivillige som var med å rigga i forkant, sto for billettsal, ølsal, vakter, ryddig og alt anna som skal gjerast i samband med festivalen.

– Dei frivillige er på mange måtar sjølve navet i festivalen.

– Utan dei hadde ikkje festivalen blitt den sukesessen den blei.

– Det er utruleg kjekt å vera med på dette. I tillegg kan det jo vera ein god ting å ha med på CVen.

– Vi har lært mykje frå første året, ein av tinga er at vi ønskjer å vera tidlegare klar med oversikta over dei frivillige og at vi tidleg har foredelt arbeidsoppgåvene, så dei veit kva dei skal gjera, fortel Tor Egil Hylland i Osfest.

Først til mølla

Fredag klokka 18 inviterer dei difor alle frivillige som alt har meldt seg, dei som lurar på om dei skal melda seg som frivillige og andre interesserte til frivilligtreff i Oseana.

– Der er målet å få oppdatert kontaktinformasjonen og å fordela vaktene.

– Er ein tidleg ute med å komma med ønskja om kva ein vil gjera, så er sannsynlegheiten større for at ein får gjera nettopp det.

– Difor er det inga grunn til å sitta heime fredag, smiler Hylland, som legg til at dei også i år vil gjera det slik at dei frivillige som jobbar ein dag får festivalpass til den andre dagen.

– Dei som er med i forkant, anten det er på markedsføringssida, stands eller rigging, og som gjennom det legg ned ein ekstra innsats vil bli belønna med festivalpass for heile helga.

Kick-off for festivalen

Samlinga vil i tillegg til å rekruttera frivillige vera eit kick-off for årets festival.

– Alle dei frivillige vil få utdelt årets festival t-skjorte kor alle artistane står på ryggen.

– Vi har framleis tre artistar, og det er store namn, som vi ikkje har offentleggjort.

– Desse presenterar vi på samlinga, fortel ein løyndomsfull Hylland.

Konsert med Twang Gang

Fram til klokka 21 er samlinga forbeholdt dei frivillige, etter det opnast dørane for alle.

– Då er det konsert med Twang Gang.

– Vi har 170 billettar som vi deler ut til dei frivillige. Resten av dei 250 som det er plass til i foajeen på Oseana blir seld på billettservice eller i døra, seier Hylland.

Betre enn i fjor

Når det kjem til billettsalet rapporterar Osfest-generalen om betre sal enn i fjor.

– Det er ei heilt anna stemning på billettfronten i år.

– Etter påske har det tatt seg bra opp.

– Ein klar tendens er at folk kjøper to-dagarspass, så har ein planar om å ha billett til begge dagane, så er det ikkje sikkert det er lurt å venta for lenge.

– Det er ingenting å spara på å kjøpa billetter tett opptil festivalen. Då risikerer ein at det berre er dagspass igjen og summen av to dagspass er høgare enn to-dagarspassa, påpeikar Hylland, som ikkje fryktar eventuelt regn.

– Vi viste i fjor at det taklar vi. Dessuten er allereie ponchoane bekrefta og satt i bestilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.