Lokal | 21. juni 2017

Treng alle fire bølgjedemparane

Tilrådinga frå konsulentane er tydelege. Skal hamna skjermast må alle fire bølgjedemparane på plass. Kommunen har fått avtale om fastpris.

Treng alle fire bølgjedemparane
For å skjerme hamna tilstrekkeleg må kommunen kjøpa alle fire bølgjedemparane (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 21. juni 2017 07:51

I samband med 1. tertialrapport ba rådmann Christian F. Fotland politikarane vurdera bølgjedemparane på nytt etter ein kostnadssprekk på 9 millionar kroner.

I formannskapet blei det stilt spørsmål om det heldt med ei 75%-løysing, kor ein kjøper inn tre av dei fire tiltenkte bølgjedemparane innanfor det budsjettet ein allereie har.

– Vi har hatt fleire møter med Akvasafe som er vår rådgjevar. Dei fraråder ei 75 %-løysing. Går ein for tre, så får det ein synergi mot den eine eller andre delen av hamna som gjer den ubrukeleg. Dei gir ei klar tilråding om at skal dette ha den tilmålte effekten så må vi gå for alle fire, sa rådmann Christian F. Fotland i kommunestyret tysdag.

6,9 millionar per stykk

Gjennom forhandlingane med Akvasafe har kommunen no fått ein fast pris på kvar av dei tre siste bølgjedemparane.

– Vi har fått ei stadfesting frå Akvasafe på pris. Den gir ein kostnad per bølgjedempar på mellom 6,8 og 6,9 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

– Vi har brukt omlag 14 millionar hittil. Ganger vi 6,9 med 3 så ender vi på omlag 34 millionar kroner. Då har vi ein garantert pris.

Slepp risikoen

Avtalen med Akvasafe gjer at kommunen ikkje får nokon risiko for ytterlegare kostnadssprekk.

– Dei garanterer for verkstaden, fortøying, totalpris for design, prosjektering og alt. Prisen er òg med ein fastsatt euro på 9,4.

– Det gjer at eg med større sikkerheit kan stå foran kommunestyret og seie kva det koster. Skjer det noko med stålpriser eller andre ting, så er det aquasafe som tek risikoen.

– Vi har signalisert til dei at vi ikkje kjem med bestillinga før reguleringsplanen for Os ytre hamn er vedteke i september. I budsjettet har vi råd til å kjøpe to i dette budsjettet så mitt forslag er at vi kjøper dei no og kjem tilbake med finansiering av den siste i samband med budsjettet for 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.