Sport | 21. aug. 2009

Treng fleire spelarar

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. aug. 2009 12:52

Os har éin siger og to uavgjorte til no denne sesongen. Torsdag kveld starta dei haustsesongen på bortebane, mot Øygard, som tronar på topp med 22 poeng.

- Kampen bar litt preg av at spelarane våre syntes det var uvant å spela på gras, og at det var første kamp etter ferien. Men dei klarte seg ganske bra, synes trenar Terje Erstad.

Heimelaget vann 3-0.

- Dette var ikkje så verst. Jentene våre ytte som alltid sitt beste, og vi var på høgde med motstandarane i teknikk. Det er på fysikk og fart skilnaden er.

Treng fleire spelarar
Toppskårar Linn Helen Thuen har vore ute heile sesongen, og no har Heide Kloven reist vekk.

Før neste kamp er også Mariann Solibakke og Tale Ivarhus vekke, også Anne Øvreeide flyttar frå Os, og blir ikkje å rekna med på laget utover hausten.

- Når vi i tillegg framleis slit med å få dispensasjon til å bruka 94-spelar Åsne Takle Eide, noko som nærmast er ein skandale, så byrjar stallen verkeleg å bli tynn, seier Erstad.

- Om det er nokon som vil børsta støv av fotballstøvlane sine så er dei hjarteleg velkomne, vi skal få tidlegare spelarar raskt i form til spel, lovar han.

To frå Fusa
Han er glad for at han har fått to nye spelarar, Silje Pedersen og Betina Kvåle frå Fusa, men treng framleis fleire.

- Neste år ser det lysare ut, då kan vi bruka fleire av dei gode 94-spelarane. Fram til då skal vi konsentrera oss om å halda på den fine gruppa vi har, og å kjempa om nok poeng til å halda oss i 3. divisjon, seier Terje.

Damelaget spelar neste kamp på heimebane, sundag kl 14.00 mot Odda.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.