Lokal | 09. nov. 2016

– Treng ikkje å frykta Trump

Os sin amerikanske keeper, Andrew Todd, svarer på seks spørsmål om valet, stemninga og den nye presidenten.

– Treng ikkje å frykta Trump
Andrew Todd håper Trump kan vera med på å fjerna IS. – Den frykta eg følte i Nice unnar eg ingen å oppleva. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. nov. 2016 13:10

Norske politikarar, og lokalpolitikarar i Os, er som fleire norske redaksjonar «i sjokk» over at mannen som i heile nominasjonsprosessen knuste meiningsmålingane, og var ajour før valet i går, også stakk av med sigeren.

Donald John Trump (70) blir den 45. presidenten i USA.

Vi har spurd den amerikanske keeperen til Os, siviløkonom-studenten Andrew Todd, om hans synspunkt på kandidatane, om sjokk og frykt, og om reaksjonane frå venar og familie heime i Half Moon Bay, ved San Francisco, California.

– Kva synest du om dei to kandidatane før valet?

– Eg står ikkje låst på den eine eller andre sida, men normalt heller eg mot republikkansk side. Ved dette valet støtta eg Bernie Sanders til Hillary slo han i nominasjonen. Clinton har i ei årrekkje vore veldig god på å jobba for kvinnerettigheiter og meir makt til kvinnene. Trump har vore ein ruvande figur innan forretning og eigedom. Ikkje all business har vore vellykka, men sånn er det vel for fleire andre òg, det tar tid og du må læra litt før du driv på ein lønsam måte.

– Korleis er reaksjonane heime, blant venar og familie, på at Trump vann valet?

– Reaksjonane er definitivt blanda. Mange tviler på Trump sine politiske evner, noko som er logisk nok. Andre er forventningsfulle og spente på om forretningssansen hans kan gje USA sin skakkøyrde økonomi eit løft.

– I Noreg er det fleire som er i sjokk, nokre er også redde. Burde dei vera det, trur du?

– Det er inga grunn til frykt. Trump er ein veldig smart person. Eg forstår at enkelte kan vera engstelege grunna måten Trump snakkar på, men vi må hugsa at han talar veldig fritt, ikkje slik ein skulert politikar snakkar. Det er mykje av det han har sagt som eg ikkje set pris på, men eg håper han no opptrer meir sofistikert.

– Når det gjeld frykt for internasjonal, væpna konflikt er det verdt å notera seg at Putin hatar Clinton, dei to snakkar veldig stygt om kvarandre, mens det ser ut som om Putin og Trump respekterer kvarandre på ein annan måte. Det vil truleg hjelpa både i kampen mot IS og i arbeidet for å hindra bruk av atomvåpen. Når det gjeld Kina har eg ikkje noko å seia, eg kjenner for lite til vårt forhold med kinesiske styremsmakta.

– Korleis er det å vera amerikansk student i Noreg for tida?

– Kvar gong eg helsar på ein ny person kjem det tre spørsmål; kva heiter du, kor er du frå og «du er amerikanar? Kva synest du om Trump?» Eg har sikkert svart på dette hundre gongar no, seier Andrew og ler.

– Kva trur du blir dei største forandringane med Trump, og kva håper du sjølv?

– Det Trump vil fokusera på i starten vil handla om økonomi. Han håper med ny skattereform, med lågare skattar for næringslivet, å berga amerikanske arbeidsplassar. Mange amerikanske selskap søker i dag til skatteparadis, Apple, for eksempel, betalte berre 9,8 prosent av overskotet sitt i skatt. Eg håper Trump kan gjera det attraktivt for amerikanske selskap å skatta til USA.

– Han vil òg jobba for ein kompensasjon for USA sin innsats som «verds-politi», vi beskytter mange land gratis, noko vi bruker mykje pengar og ressursar på. Samtidig vil han bekjempa IS, noko eg ser på som viktig, seier Andrew, som sjølv fekk terroren tett på då han var i Nice under det brutale angrepet i juli.

Andrew legg til at han ikkje støttar Trump sitt syn på muslimar. «Der er han for ekstrem», synest Os-keeperen. Om mexicanarane seier han dette:

– Trump vil utvisa alle ulovlege immigrantar, men tilby hjelp til dei som vil returnera til USA på lovleg vis. Den mykje omtalte muren mot Mexico vil eg ikkje kommentera, men om Trump lykkast med dette med immigrasjon vil dette gje betre skatteinngang. Klarer han å få til betre handelsavtalar er dette også noko som vil vera med på å få USA tilbake på beina.

– Synest du norske media har gjeve ein balansert dekning av valet og kandidatane?

– Det har kanskje vore meir omfattande dekning i Noreg enn i USA, seier Andrew og ler.

– Dette valet har på mange måtar vore ein flause og ein vits, nesten som eit realityshow. Men eg håper Trump strammar seg opp og at han gjer ein så god jobb som mogleg.

– Det er amerikanarar som har stemt og eg står 100 prosent inne for det valet fleirtalet av mine landsmenn har tatt. I tillegg til at eg håper på betre økonomisk framtid for USA, håper eg på fred og på ein slutt for IS. Det eg opplevde i Nice, den frykta mange har opplevd i Europa, unnar eg ingen.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.