Kultur | 16. aug. 2014

Triveleg med Albrigtsen og Nordli

Steinar Albrigtsen og Monika Nordli imponerte då Oseana Kafé og Restaurant inviterte til konsert.

Triveleg med Albrigtsen og Nordli
Steinar Albrigtsen og Monika Nordli leverte med Bjørnafjorden som bakteppe (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. aug. 2014 09:41

Fredag kveld spelte Steinar Albrigtsen og Monika Nordli i restauranten på Oseana på veg til konsert i Heran i Hardanger laurdag.

Trass i at det berre stilte eit tjuetals tilskodarar gav det musikalske ekteparet alt og skapte ei stemningsfull og humoristisk stund ved fjorden.

– For eit fantastisk sceneteppe. Neste gong må de ta med dykk venane dykkar, helsa Albrigtsen og Nordli dei frammøtte.

Gjennomført dyktige

Konserten kom i stand etter at Roald Mjelstad, drivaren av restauranten, møtte Lars Kjetil Holdhus, ven av ekteparet tidlegare i sommar.

Albrigtsen og Nordli viste at dei ikkje berre har god kjemi, er dyktige musikarar men òg at dei har humor og sjølvironi. Her kom det historiar og anekdotar på løpande band, både om aldersforskjellen dei i mellom, kompisen Jørn Hoel og familiane i Tromsø og Nissedal.

Musikalsk serverte ekteparet ei perfekt blanding av kjente slagarar frå Albrigtsen og nytt materiale på veg ut på plate. I nær ein time og tre kvarter var det berre å nyta utsikten over fjorden og la seg forføra av dei musikalske krumspringa frå duoen.

At restauranten fungerar som konsertlokale er det ikkje tvil om. Lyden var god og nærleiken du får til artistane gjer at det oppstår ein heilt spesiell kontakt mellom dei og publikum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.